Helsefagarbeidar/pleiemedarbeidar på natt

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar på natt
Frist
20.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig  90 % fast stilling som helsefagarbeidar på natt, frå snarast. Dersom det er ønskjeleg for søkjar kan stillingsprosent aukast til 100 %. Det vil bli aktuelt med tilsetting av pleiemedarbeidar dersom det ikkje vert søkjarar med helsefagutdanning.

Nattevaktene jobbar sjølvstendig ute hjå pasienten. Det kan td. vere besøk hjå dei som av ulike grunner treng tilsyn gjennom natta for å kunne fortsette å bu heime. Målet
til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet i heimen. Vi jobbar med
fokus på kvardagsmeistring. 

Ein må kunne betjene tryggleiksalarmar, gi stell og pleie. Godt samarbeid med pasient og pårørande er viktig. Ein må rekne med ein del køyring i kommunal bil gjennom ei natt, i skiftande vêr og føreforhold. Området strekk seg i frå Hestenesøyra, rundt Gloppefjorden, Sandane, Anda og Breim.

Snarleg tilsetting.


Arbeidsoppgåver

  • Den tilsette gjev omsorg og pleie til brukarar i omsorgsbustadar og i heimane.
  • Nattevaktane går to ilag ute på natt.
  • Turnusarbeid med arbeid i vekedagane og kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar, sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Du må ha førarkort for personbil og snakke godt norsk.

Personlege eigenskapar

  • Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
  • Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø.
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande.
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Lokale tillegg på natt for helsefagarbarbeidarar.

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4852893440

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 20.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
369190956
Sist endret
04. okt. 2024 12:34