Vikariat som fagleiar i Bremanger kommune, for tida ved Svelgen omsorgssenter

Arbeidsgiver
Bremanger kommune
Stillingstittel
Fagleiar
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Det vert ledig eit 100% vikariat som fagleiar ved Svelgen Omsorgssenter frå og med 01.11.24 og eitt år fram i tid.

Vi ser etter ein sjølvstendig og serviceinnstilt medarbeidar som kommuniserer og samarbeider godt. Kvardagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar, institusjonsrom, 7 omsorgsleilegheiter og eit lindrande rom. Fagleiaren har tett samarbeid med driftssjef og dei andre fagleiarane i kommunen. Fagleiar har det daglege faglege ansvaret for drifta ved Svelgen Omsorgssenter, der ein skal støtte og hjelpe dei tilsette i kvardagen slik at vi kan yte gode tenester til brukarane og pårørande.

Arbeidsoppgåver

  • Dagleg ansvar for kvalitet og koordinering av tenestene
  • Ansvar for kontinuerleg kvalitetssikring og skal delta i utviklinga av kvalitetsmål innan driftseininga
  • Delta i utarbeiding av turnusplanar
  • Fremje tverrfagleg samarbeid med dei andre faggruppene i kommunen
  • Sikre kvaliteten i den direkte tenesteytinga
  • Samarbeide med pårørande og andre helse aktørar
  • Halde seg oppdatert på utviklinga i fagfeltet og bringe ny kunnskap inn i eininga
  • Delegert personal- og økonomioppgåver
  • Oppgåver kan verte endra

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Søkjarar med relevant vidareutdanning vert prioritert
  • Erfaring frå administrasjon og leiing
  • Gode kommunikasjon - og samhandlingsevner
  • Løysingsorientert lagspelar som kan arbeide under press
  • Kan motivere og inspirere medarbeidarar
  • Gode datakunnskapar
  • Kan arbeide sjølvstendig, likar utfordringar og har stor arbeidskapasitet
  • Er ryddig, serviceinnstilt og fleksibel

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år.
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 4854780748
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.09.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Granden 1, 6723 Svelgen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
369211999
Sist endret
04. sep. 2024 11:59