Inntil 2 stillingar som lærar i grunnskulen og vikarbank
- Arbeidsgiver
- Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
- Stillingstittel
- Inntil 2 stillingar som lærar i grunnskulen og vikarbank.
- Frist
- 23.09.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Det er ledig inntil to stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå 01.10.2024.
Kommunen har tre grunnskular; Myklebust skule, Fiskå skule og Åheim skule. I tillegg til vikarbank og voksenopplæring.
Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga og har fokus på inkluderande barnehage og skulemiljø.
Arbeidsoppgåver
Vi ønskjer tilsette med god kompetanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med å
skape eit profesjonsfellesskap.
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg
fagkompetanse innan spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk, norsk og norsk som andrespråk.
Vikarbanken jobbar turnus der ein arbeider på alle tre skulane periodevis med avspasseringsveker i mellom kvar periode.
Fiskå skule 1-7.klasse treng vikar i perioden veke 44 og ut skuleåret 24/25.
Kvalifikasjonar
- allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- Ønskjeleg med erfaring frå læraryrket.
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil blir vektlagt i intervju og ved referanse
- Politiattest.
- Førarkort og disponere eigen bil.
- Snakke og skrive flytande norsk.
Personlege eigenskapar
- utviklings- og løysingsorientert
- ein klar, robust og tydeleg klasseleiar
- god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
- omgjengeleg, initiativrik, fleksibel.
- flink til å planlegge og gjennomføre undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- delta i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremje eit godt skule-heim samarbeid
- tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk. Som tilflyttar til Vanylven
kommune kan du få nedbetalt studielån opp til 15% per år i arbeid, maks 28 000,- per år etter nærare
retningslinjer. I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar. Søknad skal sendast på kommunen sitt
søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn
til intervju.
Kontaktinformasjon
Sylvia Baade, rektor, 97030004, sylvia.baade@vanylven.kommune.noLars Jonasmo, rektor, 97501695, lars.jonasmo@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
6143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4853784023
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 23.09.2024
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 6143 Fiskå
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 369223799
- Sist endret
- 04. sep. 2024 01:19