Inaktiv

Kontormedarbeidar

Arbeidsgiver
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Kontormedarbeidar
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stord vidaregåande skule er ein kombinert skule med studieførebuande og yrkesfagleg utdanning. Skulen
ligg sentralt i regionssenteret Leirvik. Totalt har skulen om lag 850 elevar, fordelt på
utdanningsprogramma Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk, dans og drama, Studiespesialisering,
Bygg- og anleggsteknikk, Elektro og datateknologi, Teknologi- og industrifag, Sal, service og reiseliv,
samt Informasjonsteknologi og medieproduksjon. Vaksenopplæringa i Sunnhordland er knytt til skulen og
me har kursverksemd i forskjellige fag.

Stord vidaregåande skule skal skuleåret 2025/2026 ta i bruk nye og moderne skulebygningar. Skulen har
høge ambisjonar for elevane si læring og eit engasjert personale arbeider for å skapa eit trygt
læringsmiljø. Skulen legg vekt på samarbeid med lokalmiljø, arbeidsliv og grunnskular. Me er
knutepunktskule for spesialundervisning i Sunnhordland og tilbyr undervisning i tilrettelagte grupper.

Skulen har ein stab på 7 personar. Me har ledig ei stilling i 80-100% . Om du er glad i å yta god
service, og vil vera vårt nye ansikt utad - då er det kanskje deg me er på jakt etter.



Arbeidsoppgåver

  • Resepsjon/sentralbord
  • Elevadministrasjon
  • Arkivering og journalføring i digitalt arkivsystem
  • Arbeid med skulen sitt kvalitetssystem og internkontroll
  • Andre oppgåver frå avdelinga kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

Krav til søkjar:

  • Erfaring med kontorarbeid/respesjon/sentralbord
  • Erfaring med digitale arkivsystem
  • Fagbrev i kontorfaget eller anna relevante fag/utdanning

Ynskjeleg:

  • Erfaring frå system som Elements/word/excel
  • Erfaring innanfor arbeid med personvern

Personlege eigenskapar

  • God kommunikasjonsevne - både munnleg og skriftleg
  • Utadvendt
  • Systematisk og nøyaktig
  • Serviceinnstilt og likar å samarbeida med andre

Vi tilbyr

  • Løn og lønsutvikling i tråd med VLFK sin lønspolitikk
  • Gode pensjons- og låneordningar i Storebrand
  • Engasjert fag- og arbeidsmiljø
  • Kjekt arbeid med ungdom og godt samspel mellom kollegaer, elevar og føresette

Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram politiattest. Alle nytilsette i VLFK har ei prøvetid
på seks måndader. I VLFK nyttar ein nynorsk som språkform.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort
sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå
offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Silje Seth Hildrestrand, leiar administrasjon, +47 48095626

Arbeidsstad

Saghaugen 3

5411 Stord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4850345174

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sted
Saghaugen 3, 5411 Stord
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Kontor og administrasjon / Kontorarbeid
FINN-kode
369230926
Sist endret
04. sep. 2024 03:00