100% fast stilling i Ølensvåg!
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Vågen skule
- Stillingstittel
- Lærar 1.-7.klasse
- Frist
- 02.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me søker:
Vågen skule søkjer lærar for 1.-7.klasse i 100% fast stilling. Stillinga er ledig frå snarast.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Undervise i fag på barnetrinnet.
- Oppfølging av grupper og enkeltelevar.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse.
- Andre med anna relevant utdanning kan også søkja, då vert stillinga mellombels.
- Fagønsker: matematikk, engelsk og norsk.
Me ser etter ein person som:
- Kan jobba sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
- Er god på relasjonar med barn og vaksne.
- Er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
- Er løysningsorientert og systemastisk.
- Bidrar positivt til det profesjonsfaglege fellesskapet på skulen.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Vågshagen 22, 5582 Ølensvåg
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 369236020
- Sist endret
- 19. sep. 2024 02:30