Inaktiv

Funksjonsleiar søkes til barne- og ungsdomsposten

Arbeidsgiver
Barneavdelingen Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Funksjonsleiar barnepost
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du ein leiar med engasjement for barn og ungdom?

Barne- og ungdomsavdelinga hos oss omfattar barnepoliklinikk på Stord og i Haugesund, familieambulatoriet, nyføddintensiv og barne- og ungdomssengeposten. Det er eit nært samarbeid mellom einingane og no søkjer vi etter ein funksjonsleiar som kan bli ein del av felleskapet vårt.

engeposten er ei veldriven avdeling med engasjerte fagfolk som gjer sitt beste for sjuke barn og ungdom. Vi har fagsjukepleiarar, kursdager i turnus og ei erfaren leiargruppe. Vi har eit godt arbeidsmiljø, og som funksjonsleiar vil du vere ein viktig del av dette.

Posten har 10 senger for barn og ungdom (0-18 år) i Helse Fonna-området, og vi tilbyr behandling innan barnemedisin, ortopedi, kirurgi, gynekologi, auge og øyre-nase-hals. Med rundt 1300 innleggingar årleg, samt dagkirurgi og dagpostpasientar innan onkologi og andre felt, er det ei variert og spanande stilling.

Funksjonsleiaren har ansvar for dagleg drift, i tillegg til fag-, personal- og økonomiansvar for sengeposten. Du vil samarbeide tett med legar, merkantilt tilsette, sjukepleiarar og andre støtteeiningar. Som funksjonsleiar er du ein del av leiargruppa og du vil vere med å forme avdelinga vidare.

Vi ser fram til å motta din søknad.



Arbeidsoppgåver

  • Fagleg ansvar for fornying og utvikling, og sikre den daglege drift i eininga
  • Kvalitet og internkontroll
  • Ansvarleg for å involvere og følgje opp medarbeidarane
  • Bidra til kompetanseutvikling hos medarbeidarane i samsvar med planverk
  • Ansvarleg for systematisk HMS-arbeid og turnusplanlegging
  • Ansvarleg for at eininga sitt personell blir disponert effektivt.
  • Samarbeide med andre leiarar for å sikre god bruk av samla personellressursar
  • Stedfortredar for funksjonsleiarar og avdelingsleiar
  • Nytte styrings- og rapporteringsverktøy for å sikre effektiv drift

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i sjukepleie
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskeleg
  • Leiarkompetanse er ønskeleg
  • Erfaring innan leiing er nødvendig
  • Det er nødvendig med god kompetanse og erfaring innan arbeidsplanlegging og Gat
  • Det er ønskeleg med kjennskap til datasystem innan helsesektoren.

Personlege eigenskaper vert vektlagde.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du er:

  • ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • engasjert og endringsorientert
  • flink til å sjå heilskap/strategisk tenking
  • løysningsorientert og beslutningsdyktig
  • motivert for leiing og utvikling, og kunne byggje gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt

Vi tilbyr

  • Ein travel, triveleg, variert og spennande arbeidsplass med høgt fagleg nivå.
  • Stabilt og dyktig personale
  • Godt arbeidsmiljø
  • Mulighet til å utvikle/videreutvikle leiarkompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Deltaking i Helse Fonna sitt leiarutviklingsprogram.

 

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter. Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring 
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. 

Kontaktinformasjon

Anne Margrethe Øritzland, Avdelingsleiar - barn

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4851915985

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Sykepleier
FINN-kode
369341408
Sist endret
09. sep. 2024 11:21