Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for Nevrologi, Revmatologi og Rehabilitering, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
13.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kom å bli med oss på laget!

Vi søkjer ein engasjert kollega til utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø.

  • 50% vikariat som sjukepleiar på Nevrologisk poliklinikk/infusjonspoliklinikk frå snarast t.o.m til 31.08.2025

Infusjonspoliklinikken er i dag ein pilot mellom nevrologisk poliklinikk og revmatologisk poliklinikk. Stillinga tilknytta infusjonspoliklinikken vil også kunne opnast opp for arbeid ved nevrologisk poliklinikk. 

Nevrologisk poliklinikk består i dag av melom anna; klinisk nevrofysiologi med undersøkingar som EEG, VER, NCV/EMG. Det er stort fokus på fagleg kompetanse og vi har sjukepleiarar med fagansvar knytt til spesifikke diagnoser som til dømes MS, parkinson, hjerneslag og epilepsi.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar 


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, samtaler med pårørende, opplæring m.m.
  • Administrere infusjonsar til nevrologisk og revmatologiske pasientar
  • Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis)
  • Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
  • Bidra i relevant forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
  • Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
  • Fleksibel og engasjert
  • Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Relevant opplæring ut ifrå arbeidsoppgåver
  • Utfordrande og variert arbeid
  • Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Elin Ese, Einingsleiar Nevrologisk poliklinikk, 986 04 663

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4856642559

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 13.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
369364003
Sist endret
26. sep. 2024 08:39