Inaktiv

Postdoktor i marin biogeokjemisk modellering

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Postdoktor i marin biogeokjemisk modellering
Frist
13.10.2024

Beskrivelse

Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Postdoktorstilling 

Det er ledig ei postdoktorstilling i marin biogeokjemisk modellering ved Geofysisk institutt og Universitetet i Bergen. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til Horizon Europe-prosjekta TipESM (https://www.tipesm.eu ) og OceanICU (https://ocean-icu.eu). TipESM vil utforske vippepunkt, deira drivprosessar og deira påverknader ved bruk av den nyaste generasjonen av jordsystemmodellar. Innafor TipESM-prosjektet vil den suksessrike søkjaren analysere fysiske og biogeokjemiske vippepunkt i det globale havet, deira nedstraumseffektar på karbonopptak, oksygeninnhald og næringstilgjenge, og deira påverknader på marine økosystem. OceanICU vil vidare auke vår kunnskap om havet si rolle i den globale karbonkrinsen, med særleg fokus på funksjonen til den biologiske karbonpumpa, med mål om å utvikle praktiske forvaltningsverktøy. Innafor OceanICU-prosjektet vil kandidaten gjennomføre ein metastudie for å vurdere havkarbonpumpene i konteksten av glasial-interglasial endring og korleis rolla til biologien har endra seg over tid, og dermed gi eit grunnlag for modellstudiar av korleis endringar i mekanismane for havkarbonlagring har påverka atmosfærisk CO2. 

Kandidaten vil vere ein del av biogeokjemi-forskargruppa ved Geofysisk institutt, av Carbon System Research Theme ved Bjerknessenteret for klimaforskning, og er også forventa å aktivt delta i forskingssamarbeid på tvers av både TipESM og OceanICU. Det forventast ein sterk motivasjon for å utføre forsking på eit internasjonalt konkurransedyktig nivå. 

TipESM og OceanICU er finansiert av EU, Horizon Europe Funding Program for forskning og innovasjon under GA Nr.101137673 og GA Nr 101083922.


Kvalifikasjonar og eigenskapar
  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d.-grad eller tilsvarande utdanning innanfor marin biogeokjemi, oseanografi eller relaterte emnar, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje. 
  • Ein grundig forståing av regional til global havbiogeokjemi, spesielt av karbonkretsløpsprosessar, dynamikk i oksygen og næringsstoffsyklusar, er eit krav. 
  • Ekspertise innan vitskapeleg skripting, programmering og dataanalyse (f.eks. Python, Matlab, R) er eit krav. 
  • Kunnskap om paleoseanografi eller paleoklimatologi er ein fordel. 
  • Erfaring med Linux-klynger, køyring av jordsystemmodellar og handtering av CMIP data er ein fordel. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. 
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

    Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 

    Særeigne krav for stillinga

    UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden til 3 år og 3 månader.

Undervisning og anna kvalifiserande arbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan. 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Vi tilbyr
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 624 500 (tilsvarande lønssteg 64). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde
  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga 
  • eit samandrag av ferdigheitene dine i høve til kvalifikasjonane som er lista opp ovanfor. 
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga. 
  • CV 
  • karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
  • relevante attestar 
  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) 
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Dr. Friederike Fröb, Geofysisk institutt, friederike.frob@uib.no.

 For HR-relaterte spørsmål, ta kontakt med Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. 

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Sektor
Offentlig
Sted
Allegaten 70, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Annet
FINN-kode
369366738
Sist endret
03. okt. 2024 01:42