Pedagogisk leiar i Beito barnehage
- Arbeidsgiver
- Øystre Slidre kommune
- Stillingstittel
- Pedagogisk leiar i Beito barnehage
- Frist
- 08.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Beito barnehage er bygd i 2005 og har lyse lokaler utforma med større og mindre rom. Barnehagebygget blir brukt på ein fleksibel måte ut i frå behovet til barnegruppene.
Barnehagen har 55 plassar fordelt på fleire avdelingar. For tida har vi ei eigen gruppe for barn med særskilde behov, i tillegg til tre vanlige avdelingar for barn i alderen 1-6 år.
Barnehagen ligg plassert i eit roleg område, tett inntil skog og vatn. Vi har eit stort uteområde med naturtomt, der barna kan leike variert, utforske naturen og utfordre seg sjølv kroppsleg. Uteområdet gir muligheiter for aktivitet, men også til ro og kvile. Vi går på tur utanfor gjerdet og utforsker naturen i nærområdet. Vi legg vekt på å vera mykje ute i løpet av barnehagedagen.
I barnehagen møter du eit godt kvalifisert personale som har fokus på fagleg utvikling og kompetanseheving til barn sitt beste. Fleksibilitet, tillit, humor og glede bidreg til eit godt arbeidsmiljø i barnehagen.
I samarbeid med Høgskulen Innlandet har vi hatt fokus på utviklingsarbeid med tema relasjonar. Relasjonar som er prega av openhet, respekt, tillit og tryggheit bidreg til gode dagar for både liten og stor. Relasjonar er ferskvare og må pleies kvar dag. Det er alltid dei vaksne i barnehagen som har ansvar for å bygge gode relasjonar til barna, til dei andre vaksne og til foreldra.
Visjonen for Beito barnehage er "Det unike mennesket i fellesskapet".
Vi har ledig to faste stillingar:
- 100 % fast stilling
- 40 % fast stilling - denne stillinga er knytta opp mot spesialpedagogisk arbeid
Arbeidsoppgåver
- Lede det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarna og barnegruppa
- Lede det daglege arbeidet med å skape et trygt og utviklande miljø for enkeltbarna og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og være saman med barna
- Ha det pedagogiske ansvaret på avdelinga, eller i barnehagen, og sørge for at barnehageloven og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet
- Rettleie kollegaer og skape et godt leike- og læringsmiljø
- Ansvar for foreldresamarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
- Det er krav om politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne til å skape gode relasjonar både til barn, foreldre og medarbeidarar
- Evne til å utvikle barnehagen og sjå løysningar
- Evne til å bruke seg sjølv i ein, til tider, hektisk kvardag
- Ha humor, glede og vere påliteleg
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med dyktige og positive medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
- Telefongodtgjørelse
- Avtale om arbeidstøy
- Flyttegodtgjørelse
- Rettleiing av nyutdannede barnehagelærere
Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ev. ønskje om å bli unnteke offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf offentleglova §25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ønskje ikkje kan takast til følgje.
Kontaktinformasjon
Dagny Viola Björklöf, Styrar Beito barnehage, 99500955Arbeidsstad
Øyangsvegen 112952 Beito
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 4839601415
Stillingsprosent: 40, 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Øyangsvegen 11, 2952 Beito
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 369368470
- Sist endret
- 24. sep. 2024 07:04