Inaktiv

Vil du vera sjukepleiar/vernepleiar hjå oss? 

Arbeidsgiver
Brukarstyrt post, Haugaland DPS Kopervik
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
30.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hei!

Me har nyleg starta opp ein brukarstyrt post innan psykisk helsevern og er på leit etter fleire vikarar med medisinsk bakgrunn. Kunne dette vere noko for deg?

Vår brukarstyrte post har fem døgnplassar for pasientar med psykiske utfordringar. Her kan pasientane melde seg inn sjølve etter behov, utan ein formell innleggelsesprosess. Vi legg stor vekt på prinsippa om recovery og miljøterapi, og arbeider for at pasientane skal nå sine eigne mål og oppnå meistring i kvardagen.

Posten består av eit flott team av erfarne sjukepleiarar, vernepleiarar og helsearbeidarar som samarbeider nært med andre einingar innan psykisk helsevern.

No ser me etter sjukepleiarar og vernepleiarar som kan trø til på kort varsel, til dømes ved uventa sjukdom eller under ferieavvikling. Du vil få moglegheit til å jobbe varierte vakter – dagtid, kveldstid og natt. Vi har 12-timars vakter gjennom heile veka.

Dette er ein unik moglegheit til å vere med å gjere ein forskjell.

Grip sjansen og bli ein del av dette engasjerte laget!



Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapi
  • Vera ein tydeleg, trygg og engasjert lagspelar i arbeid med pasientgruppa
  • Ansvarsvakt
  • Tilrettelegging for, og deltaking i samtalar
  • Samarbeid med interne og eksterne instansar

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar eller vernepleiar med autorisasjon
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestått norsktest på B2-nivå

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • viser engasjement og interesse for pasientgruppa
  • har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • er sjølvstendig
  • har gode relasjonsferdigheitar
  • viser raushet og har godt humør

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit svært trivelig arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Trude Rødseth Lygre, Funksjonsleiar, trude.rodseth.lygre@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Asaldalvegen 1

4250 Kopervik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4853713610

Stillingsprosent: 0%

Anna

Søknadsfrist: 30.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Asaldalvegen 1, 4250 Kopervik
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
369368753
Sist endret
05. sep. 2024 01:19