Inaktiv

Assistent til Moppevaskeri og Sengesentralen

Arbeidsgiver
Drift/teknisk divisjon/ Hospitaldrift Reinhald, Helse Bergen
Stillingstittel
Reinhaldsoperatør/ Reinhaldar
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Hospitaldrift Reinhald har ledig 2 faste stillingar som reinhaldsoperatør/reinhaldar.

* 13,15% fast stilling (kvar 3. helg) på Sengesentralen

* 20,15% fast stilling (kvar 2.helg) på Vaskeriet Reinhald

Hospitaldrift er ei av avdelingane i Drift/teknisk divisjon i Helse Bergen, og leverer ikkje-medisinske tenester og produkt til føretaket. Hospitaldrift har 8 einingar og om lag 815 medarbeidarar. Hospitaldrift Reinhald er ei av einingane i Hospitaldrift. Hospitaldrift leverer forsyningstenester og varemottak, pasienttransport og andre interne transport tenester, mat til pasientar, pårørande og tilsette, reine tekstilar og senger, dagleg reinhald og andre reinhaldstenester, tryggleikstenester og sentralbordtenester.

Hospitaldrift Reinhald har som oppgåve å utføre dei reinhaldsoppgåvene som Haukeland universitetssjukehus har behov for. Eininga er delt i åtte seksjonar og har ca. 350 tilsette. Våre hovudoppgåver er dagleg reinhald, hovudreingjering, smittevask, spesialreinhald og vask/reiing av senger.

Ved å søke arbeid hos oss vil du få jobbe med eit spesielt reinhald, kor hygiene er viktig. Du får spesialopplæring innan sjukehusreinhald og blir ei viktig brikke for å skape trivsel og tryggleik for våre pasientar og tilsette.

Våre tilsette jobbar i team og dei fleste har stor variasjon i sitt daglege arbeid. Eit godt fagleg miljø og hyggelege kollegaer skapar trivsel mellom våre tilsette.



Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene på Vaskeriet vil i hovudsak bestå av:

  • handtering av moppar/klutar ved moppevaskeriet
  • utlevering/innhenting av reint/ureint utstyr til våre stasjonar på sjukehuset
  • sortering, pakking og transport med truck

Arbeidsoppgåvene på Sengesentralen vil i hovudsak bestå av:

  • mottak og kontroll av senger
  • maskinell og manuell reingjering av senger
  • Reiing av senger etter bestilling

Kvalifikasjonar

  • Arbeidet er fysisk krevande og det blir lagd vekt på at søkarar er personleg eigna
  • Erfaring med tekstilhandtering
  • Truckførarkurs T1 er ønskeleg
  • Det vil bli stilt høge krav til gode norskkunnskapar
  • Full opplæring vil bli gitt i forhold til arbeidsoppgåvene

Personlege eigenskapar

  • Vi ønsker at søkar skal vere serviceinnstilt.
  • Ha gode kommunikasjons og samarbeidsevner, like å jobbe i team.
  • Må kunne følge og jobbe etter til ein kvar tid oppdaterte prosedyrar
  • Ha evne til å jobbe sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og effektivt i eit til tider hektisk miljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Bedriftsidrettslag
  • Konkurransedyktig pensjonsordning
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Ravi Ratnasingham Pasupathy, Seksjonsleiar, 97469748

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen



Referansenr.: 4856554829

Stillingsprosent: 13,15, 20,15%

Fast

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
369369514
Sist endret
05. sep. 2024 03:01