Inaktiv

Medisinsk operatør

Arbeidsgiver
Ambulanse avdeling 3, AMK og pasientreiser Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Medisinsk operatør
Frist
20.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ønsker du ein spennande jobb som medisinsk operatør hos oss?

AMK (akutt medisinsk kommunikasjonssentral) er ein del av klinikk for medisink service og beredskap,

Vi har for tiden ledige stillingar som medisinsk operatør, to på 60 % og to på 50 % på natt.

Som medisinsk operatør ved AMK i Helse Fonna vil du håndtere 113-anrop og andre henvendelser, Stillingen innebærer tredelt turnus med arbeid hver tredje helg.

Vi ser frem til å motta din søknad!



Arbeidsoppgåver

  • Hovedoppgåva er å besvare 113 anrop for AMK Helse Fonnas ansvarsområde
  • Svara på, andre AMK, legevakt, internt frå Helse Fonna og andre nødetatar
  • Hendingsregistrering, dokumentasjon og oppdatering av desse
  • Utalarmering av ambulanse og legevaktressursar
  • Beredskapsvarsling
  • Motta og svara på førespurnader til AMK (samband,telefon, mail)
  • Delta i øvingar
  • Kommunikasjon og samhandling med interne og eksterne samarbeidspartnarar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/bachelor Paramedisin
  • Gode IT-kunnskaper
  • Gode norskkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten eller annan norsktest på B2 nivå. Dokumentasjon må vedleggast søknaden. Ved tilsetjing av allereie fast tilsett i føretaket kan ein unntaksvis, i særlege tilfelle, fråvika kravet om bestådd norsktest på B2-nivå.
  • Beherska engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjar med AMK/ legevakts kompetanse kan bli prioritert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er arbeidsglad og har gode samarbeidsevner
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er strukturert og målretta

Vi tilbyr

  • Godt fagleg miljø med fokus på team og utvikling
  • Jamleg moglegheit for fagleg påfyll
  • Løn i samsvar med gjeldande avtale
  • God pensjons- og forsikringsordning

Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Lars Gunnar Nilsen, Funksjonsleiar, 40209848

Lene Pedersen, Avdelingsleiar - ambulanseavdeling 2, +47 91560352

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4853271799

Stillingsprosent: 60, 50%

Fast

Startdato: 07.10.2024

Søknadsfrist: 20.09.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Annet
FINN-kode
369370523
Sist endret
05. sep. 2024 03:07