Inaktiv

Spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog med master

Arbeidsgiver
Poliklinikk BUP Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog med master
Frist
20.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

I Helse Møre og Romsdal HF er Psykisk helsevern for barn og unge samansett av poliklinikkane i Kristiansund, Molde, Ålesund og Volda (BUP) og ein døgnseksjon.

Poliklinikken i Volda har eit spennande fagmiljø som gir differensierte polikliniske behandlingstilbod til barn, unge og familiane deira i 7 kommuner på Sunnmøre.
Personalgruppa vår er sett saman av personar frå ulike yrkesgrupper og er organisert i tverrfaglege, geografiske team. I tillegg har vi småbarnsteam, akutt ambulant team, spiseteam, traumeteam, familieteam og OCD-team som er etablert på tvers av poliklinikkane i Ålesund og Volda. Ved OCD-teamet er det etablert kompetanse på 4-dagers-formaet i samarbeid med fagmiljø i Bergen.


Vi gir tilbod om pasient- og pårørande opplæring, samt gruppebehandling til barn og ungdom med angstliding, og til ungdom som strevar med mentalisering.
Vi legg vekt på godt samarbeid med andre helsetenester for barn, både i kommunene og i andre delar av spesialisthelsetenesta.

Har du lyst å samarbeide med oss for å betre kvardagen til barn og unge?

Ved Poliklinikken i Volda har vi ledig eit årsvikariat for spesialist i klinisk pedagogikk/spesialpedagog med master. Det er svært sansynleg at stillinga på sikt kan verte omgjort til ei fast stilling.

Vi ber om at vitnemål og attestar blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling i samarbeid med andre faggrupper
  • Samarbeid med andre instansar (innan foretaket og i kommunene)
  • Samarbeid med pårørande

Kvalifikasjonar

  • Formelle faglege kvalifikasjonar
  • Erfaring frå barnehage, skule eller PPT vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må meistre norsk språk munnleg og skriftleg
  • Gode evner til samarbeid med eiga og andre yrkesgrupper
  • Det blir krevd framlegging av politiattest før tilsetting
  • Ynskjeleg med sertifikat for bil
  • Det å vere personleg egna for stillinga vil verte vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.

Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Kontaktinformasjon

Kari Standal, Seksjonsleiar, +47 70058570

Arbeidssted

Kløvertunvegen 1

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4855351833

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.01.2025

Sluttdato: 01.01.2026

Søknadsfrist: 18.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
369450218
Sist endret
06. sep. 2024 06:12