Inaktiv

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver
Avdeling for radiologi Ålesund og Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Seksjonsleder
Frist
20.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ynskjer du å leie ein seksjon som fyller ei avgjerande rolle for eit aktivt lokalsjukehus i Volda?

Radiologisk seksjon i Volda har ledig eit halvtårs vikariat på inntil 100 % stilling som seksjonsleiar, med moglegheit for forlenging. Vi søkjer ein leiar som trivst i eit miljø med høgt tempo, der vi må utvikle oss for å møte noverande og framtidige krav til offentleg helsevesen og radiologi. Du må kunne handtere problemstillingar knytt til leiing av drift og personal i eigen seksjon, og dessutan arbeide tett med avdelingssjef og seksjonsleiarar for dei 2 andre seksjonane til avdelinga.

Avdeling for radiologi Ålesund og Volda har tre seksjonar: seksjon Radiologi Ålesund, seksjon Radiologi Volda og seksjon legar radiologi Ålesund og Volda.

Vi er organiserte i Klinikk for diagnostikk, som har avdelingar spreidd på alle 4 sjukehus i Møre og Romsdal. Ved seksjon Radiologi Volda har vi radiografar, hjelpepleiar og sekretærar. Vi er stolte over vår nye MR og takhengde røntgen i mottak, og har elles CT, tre skjelett-laber, ultralyd og osteodensimetri.

Vi er i ei spennande, men krevjande, tid i Helse Møre og Romsdal. For å møte nokre av utfordringane skal vi framover jobbe med nye prosjekt i klinikken, mellom anna for å samordne og standardisere aktivitet innan radiologi på tvers av seksjonar og avdelingar i føretaket vårt. Saman med andre seksjonsleiarar, og andre ressursar, vil du ha ei naturleg rolle inn i dette arbeidet.

Vi ber om at attestar og vitnemål blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad



Arbeidsoppgåver

Personal-, budsjett- og fagleg ansvar for seksjonen, med ansvar for å sikre

  • Dagleg drift og utvikling av seksjonen
  • Bemanning og drift etter gjeldande rammer
  • At drift er innanfor gjeldande lover/forskrifter, kvalitetskrav, og interne retningslinjer
  • Eit godt arbeidsmiljø og samarbeid mellom medarbeidarar i seksjonen
  • Deltagelse i avdelinga si leiargruppe, og i utvikling på tvers av ulike seksjonar i sjukehuset og helseføretaket.

Kvalifikasjonar

  • Bachelor i radiografi og erfaring frå radiologisk avdeling
  • Tilleggsutdanning i leiing, og/eller relevant leiarerfaring er ønskjeleg
  • Erfaring med kvalitetsutvikling og endringsleiing er ønskjeleg
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Være synleg og tydeleg, og med ei profesjonell haldning til leiing og utvikling
  • Ha evne til å setja mål, og skapa intern motivasjon for å oppnå disse
  • Ha positiv og fleksibel innstilling, med høg grad av evne til gjennomføring

Å vere personleg eigna vil vektleggast.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfaglig samarbeid
  • Ein inkluderende arbeidsplass
  • Løn etter gjeldende overenskomster/avtaler
  • Medlemskap i god offentlig pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Og på fritida:
Volda og Søre Sunnmøre er kjent for dei flotte fjella og fjordane sine, med unike turområde både sommar og vinter. Volda har også eit stort og aktivt studentmiljø. Sjå meir om Volda her: https://no.tripadvisor.com/Tourism-g668823-Volda_More_og_Romsdal_Western_Norway-Vacations.html

Kontaktinformasjon

Eirin Beate Steinsvik Nordal, Avdelingssjef, 93003117, eirin.beate.nordal.steinsvik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4848711221

Stillingsprosent: 100%

Fast


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Ledelse, Sykepleier
FINN-kode
369492896
Sist endret
09. sep. 2024 06:24