Inaktiv

Nevropsykolog

Arbeidsgiver
Nevropsykologisk poliklinikk, Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Nevropsykolog
Frist
29.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer ny kollega i fast stilling!

Nevropsykologisk poliklinikk høyrer til Klinikk for psykisk helsevern og rus i Helse Fonna. Poliklinikken er i ei særstilling då den er eit resultat av samarbeid på tvers av psykisk helse og somatikk i Helse Fonna-området, og utgreier heile aldersspekteret frå barn til eldre. Pasientane kjem primært frå Nevrologisk avdeling, psykisk helsevern og førstelinetenesta. Den nevropsykologiske poliklinikken har seks psykologstillingar og eit velutstyrt nevropsykologisk testlaboratorium som disponerer 3,5 testtekniker-stillingar.

Avdeling psykisk helsevern Haugesund, kor poliklinikken er lokalisert, har eit miljø som er sterkt med henblikk på utgreiing av kognitive funksjonar. Vi har i tillegg til den nevropsykologiske poliklinikken Lærevanske- og utviklingsforstyrrelsespoliklinikken og Eldremedisinsk poliklinikk som har tre psykologar under spesialisering og ein psykologspesialist. Avdelinge er knytta til forskningsmiljøet i helseregionen. Per dags dato har vi tre ansatte med PhD. Søkjarar med ambisjonar innan forsking vert vektlagt, men er ikkje eit krav i stillinga.

LES MEIR HER: BLI PSYKOLOG HOS OSS


Arbeidsoppgåver

  • Nevropsykologisk poliklinikk har ansvar for barn og vaksne frå både somatisk og psykisk helsevern som treng utgreiing og/eller oppfølging relatert til nevropsykologiske problemstillingar

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer fortrinnsvis psykologspesialist/nevropsykolog, men psykolog kan og søkje
  • Vi vektlegg at søkjar er personleg eigna og har relevant erfaring
  • Norsk (C1 nivå påkrevd for personer utan norsk som hovudmål) 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • er strukturert og ansvarsbevisst
  • har gode kommunikasjonsevner
  • er fleksibel
  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • er engasjert
  • liker varierte utfordringar

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst mellom NPF og Helse Fonna HF med mulighet for forhandling
  • Hjelp med bustad
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Spesialistutdanning blir tilbydd, om ein ikkje er spesialist
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
  • For psykologar i spesialisering tilbyr vi eit komplett utdanningsforløp, med opptjening av ei veke permisjon per år for å skrive spesialistoppgåva
     

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no.  Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå UDIR/NOKUT i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Monica Haraldseid Breitve, Funksjonsleiar, +47 91641047-52732772

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4856446121

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.09.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
369908049
Sist endret
19. sep. 2024 11:08