Inaktiv

Er du vernepleiar eller sjukepleiar?

Arbeidsgiver
LAR poliklinikk Haugaland DPS, Haugesund
Stillingstittel
Vernepleiar eller sjukepleiar?
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du vera med å byggje opp ein ny poliklinikk? Vi i LAR poliklinikk Haugesund treng eit ekstra hovud og tilbyr nå
eit vikariat på 100 % med moglegheit for forlenging. 

LAR poliklinikk Haugesund er ei ny eining underlagt Haugaland DPS. Poliklinikken er organisert under fagområdet
TSB (tverrfagleg spesialisert rusbehandling) og gir behandling til personar med
ruslidning. Målsetjinga vår er å tilby eit omfattande og heilskapleg
behandlingstilbod i samsvar med nasjonale retningslinjer, der både
rehabilitering og utdeling av LAR-medikasjon vil vera våre arbeidsoppgåver.

Som medarbeider i poliklinikken vil du vera ein viktig del av et tverrfagleg
samansatt team beståande av legar, psykologar, sosionomar og
sjukepleiarar/vernepleiarar.

Poliklinikken er lokalisert i sentrum av Haugesund. Me arbeidar kun dagtid, dette inkluderer arbeid kvar 4. laurdag.

Me er ein gjeng med engasjerte medarbeidarar som står klar til å ta imot deg, så søk snarleg om du er
interessert! 



Arbeidsoppgåver

  • Du vil vere ein del av eit team og ha ansvar for pasientar i LAR.
  • Kontroll og utdeling av LAR-medikasjon, samt ulike prøvetakingar. 
  • Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus.
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike interne og eksterne instansar, og pårørande.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisert sjukepleiar eller vernepleiar.
  • Det er ønskeleg med erfaring fra målgruppa, men ikkje eit krav. Opplæring vil bli gitt.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Førarkort for bil.
  • Gode IKT kunnskaper er ein fordel.
  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil bli vektlagd.

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du:

  • bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • er ein lojal og trygg kollega
  • viser engasjement og interesse for pasientgruppa
  • er god på teamarbeid, men også jobbar godt sjølvstendig
  • har gode kommunikasjonsevner og relasjonsferdighetar
  • er strukturert
  • handterer stress og handlar snarleg dersom det oppstår utfordrande situasjonar
  • er audmjuk i ditt arbeid

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst.
  • Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring. 
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift (IA-bedrift). 
  • Høgt fagleg nivå.
  • Eit svært triveleg arbeidsmiljø.

 

Vitnemålsportalen 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.          
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden. 

Mangfaldserklæring

Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Iselin Rundhaug, Funksjonsleiar LAR pol. Haugesund, iselin.karina.sterri.rundhaug@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Floravegen 75

5535 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



Referansenr.: 4856597118

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.11.2024

Søknadsfrist: 22.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
369910834
Sist endret
10. sep. 2024 01:21