Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer etter ein dyktig, engasjert og pliktoppfyllande hjelpepleiar/helsefagarbeidar til 100 % fast stilling i Gloppen heimeteneste.

Dersom vi ikkje får søkjar med utdanning i helsefag/hjelpepleie, kan det bli aktuelt med tilsetting av pleiemedarbeidar. 

Heimetenesta er fordelt på tre områder; Sandane, Breim og Hyen. Vi yter heimebasert tenester til pasientar i alle aldersgrupper. Hjå oss er du i eit team med både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, hjelpepleiarar og pleiemedarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg for å kunne tilby pasientar gode tenester som er basert på kvalitet. Vi ynskjer å bidra til at pasientane skal oppleve meistring i kvardagen, og tilbyr både kvardagsrehabilitering samt velferdsteknologi. Som tilsett hjå oss vil du få ein variert og meiningsfylt arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til utvikling innan fleire spennande fagfelt.

Stillinga vil vere fast i Gloppen heimeteneste og fortida knytt til Sandane heimeteneste . Stillinga er organisert i turnus med arbeid kvar 3.helg. Oppstart 1. januar 25. 



Arbeidsoppgåver

  • Utføre pleie/omsorgssoppgåver ut frå brukaren sine behov og vedtak
  • Legemiddelhandtering
  • Velferdsteknologi
  • Utføre praktisk hjelp ved behov
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Vi ser etter deg som har norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som er lærevilleg
    Du er ein person som både kan jobbe sjølvstendig og samarbeider godt med andre.
    Du er glad i menneske og har omsorg og empati.
    Du må like variert arbeid og vere open/fleksibel 

Vi tilbyr

  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442

Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune



Referansenr.: 4857211469

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 06.10.2024


Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
369942131
Sist endret
10. sep. 2024 09:48