Inaktiv

Automatikar i rotasjonsordning

Arbeidsgiver
Eide
Stillingstittel
Automatikar i rotasjonsordning
Frist
29.09.2024

Beskrivelse

Eide er eit familieeigd selskap, og ein av pionerane i havbruksnæringa. Me har ein visjon om å setje standarden for framtidas havbruk. For å nå denne visjonen er me avhengige av dyktige og motiverte kollegaer.  


Me jobbar med utvikling av ny produksjonsteknologi som me har kalla WATERMOON. Teknologien er eit resultat av mangeårig produksjonserfaring og stordatainnsamling. Watermoon er lukka og nedsenka, og vil vere vår nye plattform for berekraftig havbruk. Her vil laksen vekse i eit beskytta, naturleg miljø som minimerer påverknaden på havet. Teknologien er ei forplikting til berekraft og natur.


Om rolla 


Du vil delta i teamet som bidreg til å sikre god drift av verksemda sine tekniske anlegg, samstundes som du vil jobbe med innovative prosjekt. Stillinga rapporterer til leiar for automasjon og elektro. Arbeidsplass vil vere ved våre Watermoon-lokalitetar i Hardanger. 


Arbeidsoppgåver inkluderer mellom anna: 


  • Oppfølging og vedlikehald av teknisk anlegg i Eide
  • Delta i utvikling, test og installasjon av nye teknologiar 
  • HMS og forbetringsarbeid 
  • Støtte driftsorganisasjonen med din fagkompetanse  
  • Feilsøking og optimalisering av eksisterende automatiseringsutstyr. 

 


Me legger opp til ein turnusordning ved anlegget vårt i Hardanger, der du i arbeidsperiodar vil ha flåten tilknytt anlegget som din bustad. Flåten har topp moderne bofasilitetar med mellom anna treningsrom.


Kven er du?  


Er du fagarbeidar innan automasjon og ynskjer spanande arbeidsoppgåver, då vil me gjerne høyre frå deg.


Ønska kvalifikasjonar:  


  • Fagbrev innan automasjon, evt elektrofag med erfaring frå automasjonsanlegg 
  • Erfaring frå industri med prosess og/eller instrumentering 
  • God tekning og dokumentforståing 
  • Gode IT- kunnskaper 

 Eide tilbyr: 


Hos oss vil du arbeide med teknologi innan havbruk, ditt fagfelt vil vere heilt sentralt for verksemda sin suksess i framtida. I Eide kjem du inn i ei verksemd som tør å satse både på våre visjonar og på våre folk. Me har eit motto: «Det viktigaste er å ha det gøy». Me har eit svært godt arbeidsmiljø der alle i teamet får faglege utfordringar, samstundes som ein får høve til å vekse personleg. 


I rolla di vil du bli kjent med heile Eide-konsernet; alle våre dyktige kollegaer i alle våre regionar. Din kompetanse og ditt bidrag vil vere svært viktig for verksemda sin vekst og drift i framtida. Stillinga har konkurransedyktige lønnsvilkår, forsikrings- og pensjonsordningar. 


Søknadsinformasjon 


Me ynskjer deg velkommen til å sende inn søknad, cv, og relevante dokumenter.


Om du har spørsmål knytt til stillinga eller rekrutteringsprosessen, ta gjerne kontakt med: Leder for automasjon og elektronikk Ørjan Eikeland orjan.eikeland@efb.no / 466 48 554. Eller HR- koordinator Mari Lundal hr@efb.no / 40628743


Søk i dag dersom du vil ta del i å setje standarden for framtidas havbruk!


Søk på stillingen via “Søk på stilling” - knappen på denn siden.

Sektor
Privat
Sted
5640 Eikelandsosen
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Automasjon og instrument, Teknisk personell, Håndverker / Elektriker
FINN-kode
370054189
Sist endret
10. sep. 2024 09:30