Helsefagarbeidar/hjelpepleiar

Arbeidsgiver
Nevro/Revma/Rehab sengepost, Helse Førde
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Frist
29.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kom og bli med! Vi utvidar sengeposten og treng difor fleire positive og engasjerte tilsette med oss på laget. 

ANRR – Avdeling for Nevrologi, revmatologi og rehabilitering skal hausten 2024 flytte til flott nytt bygg med einerom til alle våre pasientar. Vi ser fram til nye moderne lokaliterar med stor entusiasme. Dette håper vi at du også vil bli med på. 

Idag består sengeposten av 19 sengeplassar og skal frå hausten auke opp til 26 sengeplassar.

Den nye sengeposten vår skal bestå av 14 nevrologisenger, der to av desse blir overvakingssenger for slagpasientane i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og vi jobbar mot å tilby 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer, opptrening etter amputasjon.
Resterande senger i etasjen vil nyttast som utlokaliserte senger frå andre sengepostar. Det kan vere  pasientar tilknytta kirurgi og kreft, men også andre fagfelt. 
Den nye sengeposten vil bli ein svært spennande og lærerik arena, med gode moglegheiter for fagleg utvikling innanfor mange ulike fagfelt, men spesielt innanfor nevrologi og rehabilitering.    

I denne prosessen kan det bli moglegheiter for at nokre stillingar kan delast eller kombinerast med andre stillingsforhold. 
Vi opnar opp for at helsesektretær kan søkje.

Vi ønsker deg velkomen som søkjar. 



Arbeidsoppgåver

  • Bidra i behandling og oppfølging av pasientar innagt med akutt hjerneslag og andre nevrologiske tilstandar
  • Delta i tverrfaglig team omkring pasientar med koplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
  • Samarbeide med andre yrkesgrupper om å gje god behandling og omsorg til pasientar og pårørande
  • Mottak av pasientar og kartlegging av hjelpebehov
  • Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, mat og aktivitet
  • Observasjon og måling av kliniske parametre
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal 
  • Rettleiarfunksjon for elevar i praksis
  • Superbrukar innanfor IKT og relevant utstyr.
  • Bidra positivt til forbetring og utvikling i avdelinga. 
  • Todelt turnus, dag og seinvakt

Kvalifikasjonar

  • Må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeider/hjelpepleiar
  • Ønskjeleg at søkjar har erfaring frå spesialisthelsetenesta 
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande, utfordrande og fagleg utviklande jobb
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.


Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, +47 924 99 376

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4854663496

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
370079561
Sist endret
11. sep. 2024 06:00