Inaktiv

Avdelingsleiar - skjerma avdeling for personar med demens

Arbeidsgiver
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Frist
02.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har oppretta ei ny 100% stilling som avdelingsleiar på skjerma avdeling for personar med demens. I tillegg til å være nærleiar med dagleg driftsansvar,  ønskjer vi å sikre at behova framover knytt til demensomsorga blir ivareteke, og ein del av stillinga vil difor vere utviklingsarbeid retta mot demens i sektoren. Ein vil få  moglegheit til å være med å påverke dette utviklingsarbeidet i samahandling med andre tenesteter i kommunen.

Fakta om avdeling

Avdelinga har 10 institusjonsplassar, ein av desse ti plassane blir tidvis nytta til avlastning. Det er omlag 11 årsverk totalt, desse inkluderar sjukepleiara, helsefagarbeidarar og pleimedarbeidarar. Avdelinga har i periodar elever, lærlingar og sjukepleiestudentar. Skjerma avdeling er ei forsterka avdeling for pasientar med ulike diagnosar innanfor demens som set høge krav til fagleg kompetanse og samhandling. Avdelinga har og sjukeheimslege ein gong i veka. I tillegg  samarbeider avdelinga med fysio/- og ergotenesta og eldremedisinsk avdeling i spesialisthelsetenesta som kan bistå med rettleiing og samarbeid kring enkeltbrukarar.


Tenesteutvikling 

  • Demensomsorgsens ABC
  • Metodisk arbeid med personsentrert omsorgs (innføring av VIPS)
  • Samarbeid med pårørande
  • Samarbeid med frivillige
  • Legge til rette for dei tilsette sin eigenutvikling og samhandling i eit trygt arbeidsmiljø

Arbeidsoppgåver

Sikre dagleg drift og forsvarleg bemanning, Personal og sjukefråværsoppfølging, tilsetting og rekruttering, opplæring og fagutvikling, fakturarbehandling og økonomiopfølging. Sikre god internkontroll, informasjon og kommunikasjonsflyt. 

Du vil rapportere til tenesteleiar for bu- og omsorgstenesta som er næraste leiar. Du vil være ein del av tenesteleiar si leiargruppe, kommunalsjef helse og velferd si felles leiargruppe og kommunedirektøren sitt leiarforum. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon, 3.årig helseutdanning
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan demensomsorg og/eller erfaring med demensomsorg, ein må pårekne å ta vidareudanning innan demensomsorg om ein ikkje har det
  • Erfaring innan leiing er ønskjeleg
  • Utdanning innan leiing er ønskeleg men ikkje eit krav ved tilsetting, ein må pårekne å gjennomføre leiarutdanning/kursing som kommunen tilbyr 
  • Gode norskkunnskaper,  god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ha god og generell datakunnskap

Formell utdanning innan demensomsorg og leiing vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Vi er på utkikk etter deg som

  • Er imøtekommande
  • Ser dine tilsette og bidreg til å få fram det beste  i kvar enkelt
  • Motiverer og engasjerer og bygger samhold
  • Er tydeleg og stukturert
  • Er løysingsorientert og deltek aktivt i endrings- og utviklingsarbeid
  • Ber om hjelp og støtte når du treng det

Personleg eignaheit blir vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein leiar som ser deg, og ønskjer å få fram det beste i deg
  • Ei spennande stilling med stor moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Eit arbeidsfelleskap med engasjerte, ulike og faglege kollegaer
  • Lønn etter avtale

Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding

Kontaktinformasjon

Eva Skrivervik-Alme, Konst.tensteleiar bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune


Referansenr.: 4859224121

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 02.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Ledelse
FINN-kode
370225160
Sist endret
20. sep. 2024 12:27