Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Herøy omsorgssenter, seksjon grøn
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
25.09.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du bidra til å fremme tryggleik for personar i omsorgssenter? Vi har ledig ei 100 prosents stilling for sjukepleiar ved Herøy omsorgsenter, seksjon grøn.

Her jobbar vi med å gi tryggleik og følge opp pasientar i ei somatisk langtidavdeling med 15 plassar. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.

Seksjonen har tilbod om langvakter i turnus laurdag og søndag med arbeid tre av tolv helgar. Vi er i ein prosess der vi planlegger årsturnus. Stillinga er ledig frå dags dato med moglegheit for fast tilsetting. 

Ved intern tilsetting kan ein annan stillingsdel bli ledig.

Seksjon grøn er ein del av Herøy omsorgssenter på Eggesbønes.  



Arbeidsoppgåver

  • individtilpassa pleie- og omsorgsoppgåver
  • følge opp medisinske tiltak ordinert av lege
  • fagleg hovudansvar for legemiddelhandtering
  • utarbeide og følge opp tiltaksplan 
  • dokumentasjon etter gjeldande lovverk
  • rettleie og samarbeide med anna helsepersonell
  • rettleie og samarbeide med pårørande
  • bidra til kompetanseutvikling og fagleg ajourhald for å kvalitetssikre tenesta

Kvalifikasjonar

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • har erfaring frå arbeid i sjukeheim kan vere ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy (erfaring med Gerica er ein fordel)
  • har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.  

Vi ber om at du laster opp vitnemål og attester i Webcruiter saman med søknaden.

Autorisasjon og politattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • tek ansvar for eigne oppgåver og sikrar at dei blir utførte på ein god måte
  • tilpassar seg ulike situasjonar og behov som kan oppstå i løpet av arbeidsdagen
  • kommuniserer klart og tydeleg både med brukarar, pårørande og kollegaer
  • er til å stole på, møter opp til avtalt tid og utfører oppgåvene sine samvitsfullt
  • kan handtere utfordrande situasjonar roleg og utan å miste fatninga
  • møter brukarar og kollegaer med eit smil og ei positiv haldning også i krevjande situasjonar
  • vilje til å lære nye ting og utvikle seg i jobben
  • bidreg til å skape trivsel på arbeidsplassen og samarbeider godt for å løyse oppgåver
  • likar faglege utfordringar der samarbeid på tvers av seksjonane gjer kvardagen spennande
  • har fokus på heilskaplig pasientforløp

Vi legg stor vekt på personlige eigenskaper, i tillegg til kunnskap og erfaringar.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar gjennom KLP
  • fagdag i tunus 
  • stipendordningar ved vidareutdanning som er i tråd med kompetanseplanen i helse og omsorg
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • elektronsike kurs gjennom Norsk Helseinformatikk (NHI) og Visma Veilederen
  • IA- bedrift

Vi tilset  på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidater kan verte kalla inn til intervju. Søkjarlista kan verte offentleggjort.  

Kontaktinformasjon

Ann Helen Nerland Nordbø, Seksjonsleiar, +47 41571466

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5A

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4853497199

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 25.09.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukeheimsvegen 5A, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
370227955
Sist endret
11. sep. 2024 12:55