Vi ønskjer deg med på laget!

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Eining for familie og helse
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/aktivitør 50 % fast
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ønsjker deg med på laget!

Familie og helse søkjer etter 50 % stilling som helsefagarbeidar/aktivitør ved Myra aktivitetssenter.

Myra aktivitetssenter er eit lågterkseltilbod som tilbyr ulike aktivitetar, og kan være eit steg på vegen ut i arbeid

Arbeidstid
Stillinga er disponert på dagtid og følger kommunen sitt flexitidsreglement.

Arbeidsstad
Myra aktivitetssenter ligg i nærleiken av Vestnes sentrum. 

Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre og legge til rette for aktiviteter etter oppsatt plan
- Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
- Delta i opplæring, undervising og forbetringsarbeid
- Praktiske oppgåver

Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar som er utdanna helsefagarbeidar eller aktivitør. Det er ein fordel om du har vidareutdanning i psykisk helsearbeid, rus eller målretta miljøarbeid, men dett er er ikkje eit krav.

- Ønskeleg med arbeidserfaring frå dagsenter/aktivitetssenter innan psykisk helse/rus
- Du må ha førarkort kl B.

Personlege eigenskapar
- Vi ønsker oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson som er god på relasjonsarbeidet
- Du må kunne ta utfordringar
- Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringar i organisasjonen vår
- Fleksibel og løysingsorientert
- God til å samarbeide på tvers av yrkesgrupper

Vi tilbyr
- allsidige utfordringar i eit godt fagmiljø med dyktige medarbeidarar
- pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- løn i høve gjeldande avtaleverk

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar. 

Ved tilsetting krev vi politiattest og den skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader. Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju. ReferanseOppgi referansar. SøknadVestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Attestar og vitnemål må takast med til intervju. Søkjarlista kan bli offentliggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhuset, Brugata 10, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
370320469
Sist endret
12. sep. 2024 07:01