Inaktiv

Prosjektstilling 

Arbeidsgiver
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Stillingstittel
Prosjektstilling forsker
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Prosjekt

Beskrivelse

Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
 
 Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande moglegheiter for framtida.
 
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.

Les meir om oss:  Barne- og ungdomsklinikken 

Ved Barneklinikken er det ledig ei mellombels stilling som forskar (20%) i eit halvt år. Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjektet “System dynamics approach Using Chemical Compounds to Elucidate the Structure of Polycystic Ovarian Syndrome (SUCCESS)”, finansiert av Novo Nordisk Foundation.  


Arbeidsoppgåver

  • Reprogrammering av pasientfibroblaster til induserte pluripotente stamceller (iPSCs)
  • Målretta differensiering av iPSCs mot endokrine cellelinjer og organoider
  • Genredigering og karakterisering av iPSC-baserte modellar med ulike teknikkar
  • Deltaking i innhenting av klinisk informasjon og biobankmateriell

Kvalifikasjonar

  • Søkar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
  • Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan stamceller, dyrking av inducerte pluripotente stamceller (iPSCs), og eit breitt spekter av celle- og molekylærbiologiske teknikkar. Dette inkluderer kompetanse innan flow cytometri, immunfarging, og omics-studier (inkludert dataanalyse)
  • Erfaring frå forsking på metabolske prosessar vil og bli tillagt stor vekt
  • Søkar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid blir vektlagt i vurdering av søkarane
  • Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan referere til søknader og tilskot frå nasjonale og internasjonale finansieringskilder til forsking og utdanningsarbeid
  • Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
  • Søkar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk   

Personlege eigenskapar

  • Ivareta forskingsetiske retningslinjer
  • Systematisk og ryddig
  • Pliktoppfyllande og kunne ivareta tidsrammer
  • Engasjert, sjølvstendig
  • Inneha god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
  • Triveleg arbeidsplass med engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift) 

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.        
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Helge Ræder, Overlege, 47892554, helge.raeder@gmail.com

Magne Juuhl, Assisterande klinikkleiar, 46932238, magne.juuhl@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4856450671

Stillingsprosent: 20%

Vikariat

Søknadsfrist: 06.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
FINN-kode
370368969
Sist endret
12. sep. 2024 12:55