Inaktiv

Sjukepleiar/Vernepleiar

Arbeidsgiver
PSK Sikkerheit, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Frist
13.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med augeblikkeleg hjelp plikt. Avdelinga har omlag 185 årsverk og er lokalisert i Førde og Florø.

Psykiatrisk klinikk sikkerheit består ev ein sengepost og ein poliklinikk med ambulerande funksjon. Sengeposten har 3 døgnplassar og er ein sengepost for personar med alvorleg sinnsliding, der det også er ein betydeleg risiko for vald. Ein tar imot pasientar både på frivillig og tvungen psykisk helsevern, inkludert pasientar som har dom på overføring til tvungen psykisk helsevern. Ambulant sikkerheitsteam er eit poliklinisk tilbod til same pasientgruppa, og som per i dag følgjer opp 10 pasientar ute i eigen bustad/tiltak.

I tillegg til å gje psykiatrisk behandling vil nokre sentrale oppgåver vere å kartleggje, vurdere og handtere risiko for vald. Vårt mål er å gje pasientane moglegheit til auka meistring av eige liv i ulike fasar av sjukdommen, samstundes som vi ivaretek vårt ansvar for samfunnsvernet. Dette gjer vi gjennom fagleg behandling og arbeidsform der miljøterapeutisk rehabilitering vert vektlagt. I tillegg gjev den fysiske utforminga av nytt sykehusbygg ei god og sikker ramme for arbeidet.

Les meir her: Psykiatrisk klinikk sikkerheit

Vi har ledig:

  • 2 x 100% fast stilling for sjukepleiar/vernepleiar
  • Startdato: etter avtale 

PSK sikkerheit legg opp til en 50/50 kjønnsfordeling, der ein har minst 2 menn på kvart skift.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeid på sengepost, undervisning/rettleiing, vaktarbeid og tverrfagleg samarbeid
  • Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
  • Gje psykiatrisk pleie og omsorg
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga
  • Ta del i oppgåver som til ei kvar tid ligg til seksjonen
  • Andre oppgåver etter avtale med leiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant vidareutdanning vil også bli vektlagt
  • Relevant erfaring er ønskjeleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
  • Gode IKT-kunnskapar er ønskjeleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider strukturert og målretta
  • Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, både tilbyr og mottek gjerne hjelp
  • Du held deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar, og arbeidar stabilt under press

Vi tilbyr

  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
  • Opplæring
  • Turnusordning med moglegheit for langvakter (12,5t).
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marianne Engh Strandos, Seksjonsleiar, +47 975 22 519

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4859629304

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.10.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
370381812
Sist endret
02. okt. 2024 06:50