Ambulerande reinhaldar - 100 % fast stilling - Vinje

Arbeidsgiver
Vinje Kommune Reinhald Og Tekstil
Stillingstittel
Renholdsarbeider
Frist
27.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vinje reinhald og tekstil yter reinhaldstenester til alle kommunale bygg i områda Edland, Rauland, Øyfjell, Vinjar og Åmot. Reinhald er delt i fire soner med kvar sin leiande reinhaldar. Me ynskjer ein person som kan arbeide ved fråver i desse sonene. Arbeidsstadene vil variere innad i kommunen.




Hva vi ser etter
  • Gode haldningar og evne til å kommunisere godt mellom tilsette med ulike morsmål og kulturar

  • Gode samarbeidsevner for å kunne jobbe i team

  • Fleksibilitet ved byte av arbeidstid, arbeidsoppgåver og arbeidsstader etter behov

  • Vera merksam på detaljar og oppretthalde ein god standard for reinhald/hygiene

  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i periodar aleine




Arbeidsoppgaver
  • Dagleg reinhald av t.d. wc, basseng, garderobar og dusjar (sanitæranlegg)

  • Dagleg reinhald av store flater og inventar

  • Smittereinhald ved behov

  • Periodisk reinhald og hovudreingjering

  • Utføre arbeidsoppgåver etter reinhaldsplanar

  • Samarbeid med andre tilsette og brukarar av kommunale bygg

  • Påfyll av t.d. såpe- og papirdispenserar, handtering av restavfall m.m

  • Bruk av golvvaskemaskiner og reingjering/vedlikehald av desse

  • Setje deg inn i og bruke kommunen sitt verktøy for internkontroll




Vi tilbyr
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

  • Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer

  • Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen -- ergonomisk og psykososialt

  • Løn etter KS tariff og lokal lønstabell

  • Kilometergodtgjering etter statens satsar, mellom arbeidsstadene

  • Gode barnehagetilbod

  • Vakker natur og mange fritidstilbud

  • I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.

  • I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

  • Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju

Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 192, 3890 Vinje
Stillingsfunksjon
Renhold, Annet
FINN-kode
370466998
Sist endret
13. sep. 2024 07:57