Pedagogisk leiar 100 % vikariat

Arbeidsgiver
Bokn kommune Bokn barnehage
Frist
18.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du være med å gi barna våre en god start på livet? Me har ledig 1 års vikariat i 100 % stilling som pedagogisk leiar frå 25.10.24 i Bokn barnehage Bokn barnehage

Bokn kommune eig og driv barnehagen, og han vart opna i 1978. Barnehagen har i dag omlag 43 barn, og 14 tilsette.

Barnehagen ligg i Føresvik i Bokn, rett ved sida av skule, bibliotek og kommunehuset. Me har kort veg til sjø, skog og mark og det gjer at me ofte er på tur her.

Barnehagen tilbyr full kost.

 

Barnehagen har tilsette med eit stort fagleg og pedagogisk engasjement, med lang erfaring og brei kompetanse.

Me er med i eit regionalt nettverk saman med andre kommunar, og tilsette får delta jamleg i nettverk med Karmøybarnehagane.

Barnehagen arbeid med språkutvikling og inkluderande leikemiljø samstundes som det vert jobba med verdiane i læringsmiljøsenteret sitt program "være saman".

 

Kven ser me etter?

Me søkjer ein trygg, varm, utadvent og leiken person som er god på relasjonar med både born og vaksne.

Du er engasjert på borna sine vegne, og opplever arbeid med born som meiningsfylt, viktig og engasjerande. Du må være fleksibel, kunne "ta ting på sparket", gå inn i alle typar oppgåver og delta i dei daglege aktivitetane.

Du er sjølvstendig og strukturert i arbeidet ditt, og du kan både gi og ta i mot rettleiing.

Barnehagen er mykje ute på turar, og naturen er ein del av vår leikeplass. Du må derfor vere glad i vere ute, og har du eit ekstra engasjement for natur, miljø og berekraft blir me veldig glade. Kanskje har du nokre skjulte talent eller interesser som du ønsker å bruke i din arbeidsdag?

Fortel oss gjerne om desse!

 

Kompetansekrav

- godkjend utdanning som barnehagelærar

- erfaring frå arbeid i barnehage

- beherske norsk på eit godt nivå, bestått språktest B2

- beherske digitale verktøy

 

Arbeidsoppgåver:

-planleggja , gjennomføra, vurdera og dokumentera pedagogisk arbeid/innhald

-bidra til å sikra godt samarbeid barnehage-heim

-bidra til å sikra godt samarbeid på avdelinga saman med barn og vaksne

-bidra til eit godt samarbeid på avdelinga saman med barn og vaksne

-bidra til eit godt samarbeid med eksterne instansar

-vise engasjement

 

Som arbeidsgjevar kan me tilby

- lønn etter tariffavtale

- moglegheit for personleg og fagleg utvikling

- medlemskap i offentleg pensjonsordning

 

Kvar skal du sende søknaden?

Søknaden skal sendast elektronisk via kommunen sitt rekrutteringssystem. www.bokn.kommune.no "ledige stillinger"

Attestar og vitnemål treng ikkje leggjast ved søknaden.

Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Søknadsfrist: 18.10.24                    utlyst dato: 03.10.24
Kontaktperson:
Kate Åse Helgø, Styrar, tlf: 48 25 44 28 kate.aase.helgo@bokn.kommune.no


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Boknatunvegen 31, 5561 Bokn
Stillingsfunksjon
Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
370479405
Sist endret
03. okt. 2024 05:05