Inaktiv

Driftsoperatør/byggdrifter, 100 % fast stilling ved eigedomsavdelinga

Arbeidsgiver
Gol kommune Eigedomsavdelinga
Frist
22.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Eigedomsavdelinga i Gol kommune har drifts- og vedlikehaldsansvar for kommunale formålsbygg, trygde- og omsorgsbustader og grøntareal. Avdelinga består av 30 medarbeidarar fordelt på byggdrift og reinhald.

Ein av våre dyktige driftsoperatørar ønsker nye utfordringar så me ser etter deg som har erfaring frå og interesse for drift og forvaltning av bygg.

Arbeidsoppgåver for avdelinga:
• Drifts -og vedlikehaldsoppgåver inne og ute ved kommunale bygg og grøntareala
• Utføre dagleg vedlikehald, reparasjonar og tilsyn av bygga inne som ute
• Eigenkontroll og oppdatering av FDV systemet (forvaltning/drift/vedlikehald).
• Vedlikehald av maskiner og utstyr i avdelinga

Kvalifikasjonar:
• Relevant fagbrev
• Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev
• Gode datakunnskapar og erfaring med bruk av FDV system
• Gode norskkunnskapar
• Førarkort kl. B, men ønskeleg med kl. BE

Personlege eigenskapar:
• Du har initiativ og likar faglege utfordringar
• Du har evne til å arbeide sjølvstendig og er samarbeidsorinetert
• Du har gode kommunikasjonsevner og kan omgåast alle typar menneske
• Du er løysingsorientert, fleksibel og strukturert

Me kan tilby:
• Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver der dagane sjeldan er like
• Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
• God pensjonsordning gjennom KLP
• Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk

Personleg eignaheit for stillinga vert høgt vektlagt.
Det vert kravd politiattest ved tilsetting i stillinga.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Gamlevegen 4, 3550 Gol
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester, Håndverker, Annet
FINN-kode
370490871
Sist endret
13. sep. 2024 11:51