Inaktiv

Sjukepleiar inntil 80% fast stilling på natt ved Nordliheimen - med institusjonstillegg

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar 80 %fast stilling på natt ved Nordliheimen
Frist
30.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga:

Vil du bli med på laget vårt som ein nøkkelspelar for fagleg framgang og kvalitet i omsorga? 

Austrheim kommune søkjer etter ein dyktig og engasjert sjukepleiarar som ønskjer å vere ein del av vårt veksande helse- og omsorgsteam. Vi har ledig fast stilling på natt inntil 80%. 

På Nordliheimen finn du ikkje berre ein gjevande arbeidsplass, men òg faglege utfordringar i eit inspirerande læringsmiljø. Her har vi 28 døgnplassar, fordelt på korttid og langtid, med ei skjerma eining og rom til ØHD. Nattevaktane ved Nordliheimen samarbeider tett med nattpatruljen i heimetenesta. Arbeidet er svært variert, og du vil ha oppdrag også til heimebuande i periodar der det er trong for det. 

Austrheim kommune går gjennom ei spennande utvikling, og akkurat no ser ein på moglegheiter for å bygge eit nytt helse- og omsorgstun. Dette gjev deg høve til å vere med på å forme og påverke framtida sine helse- og omsorgstenester i kommunen. Me oppmodar både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar til å søkje. Ta steget, søk hos oss, og bli med på å skape helse- og omsorgstenester som gjer ein reell skilnad i lokalsamfunnet vårt. 


Kvalifikasjonskrav
  • For å bli vurdert til ein stilling må du ha norsk godkjent autorisasjon som sjukepleiar. I tillegg er det viktig å meistre digitale løysingar og ha evne til å nytte dataprogram ved behov. Arbeidet krev ein stor grad av sjølvstende og fagleg tryggleik, samt evne og vilje til utstrekt tverrfagleg samarbeid og koordinering med andre aktuelle samarbeidspartar. Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar er nødvendig, og ein gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing. Personlege eigenskapar vil bli særleg vurdert. Det er naudsynt med førerkort klasse B.

Vi tilbyr
  • Turnus med arbeid kvar 3. helg. Stor variasjon i oppgåver som gir solid utvikling av eigen kompetanse. Attraktive arbeidsvilkår (mellom anna fast inst.tillegg på kr. 40.000 pr. år i 100% stilling). Lønsplassering nyutdanna: 4 års ansiennitet ved tilsetting. Moglegheit for støtte til vidareutdanning. Ein moglegheit til å vere med å styrkje og forme ein av dei største offentlege arbeidsplassane i kommunen. 
  • Austrheimmodellen: Stipend, rekruttering og tilsettordningar

Ta gjerne kontakt om du vil høyre meir!
  • Er du sjukepleiar og kjenner at du vil høyre meir, så vil vi svært gjerne prate med deg. Kontakt gjerne vår leiar, Anne Brattetaule, på tlf: 56162040 eller 995 54 593. Du er hjarteleg velkommen på ein kopp kaffi og ein prat om du er nysgjerrig, så har vi mykje spennande å snakke om!

Velkommen til Austrheim kommune

Heim til Austrheim


Sektor
Offentlig
Sted
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
370515196
Sist endret
16. sep. 2024 05:50