Driftsteknikar fjernvarme

Arbeidsgiver
Sognekraft Produksjon AS
Stillingstittel
Driftsteknikar fjernvarme
Frist
30.09.2024

Beskrivelse

Driftsteknikar fjernvarme

Ønskjer du jobb innan fornybar energi som er variert og ansvarsfull?

Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som skal vera klar for drift i løpet av hausten 2025.

 Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy og består av 12 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der vi legg vekt på godt samarbeid. Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane, og eit fjordenergianlegg, må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss, og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Vi har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir motiverte av å løyse oppgåvene våre, som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte.

Kvifor velje oss?
Som driftsteknikar innan fjernvarme vil du ha ei sentral rolle i å sikre at anlegget vårt går effektivt og trygt. Du får ansvar for vedlikehald og optimalisering av tekniske system, deltar i prosjektering og økonomistyring, og er med på å utvikle og utvide anlegget. Arbeidskvardagen vår er variert, og du vil ha stor påverknad på eigen arbeidsdag. I tillegg vil du kunne bidra med vedlikehald på andre energianlegg ved behov, og delta i vaktordning når det trengs. Saman jobbar vi for å sikre stabil og trygg energiproduksjon.

Kva ser vi etter?
Vi ser for oss at du er ein person som er påliteleg og strukturert, og som har høg gjennomføringsevne. Du er opptatt av tryggleik og trivst med å jobbe på tvers av fagfelt. Teknologi og nyvinningar interesserer deg, og du ser etter gode løysingar, anten det er åleine eller saman med resten av vedlikehaldsgruppa. I tillegg er du ein god lagspelar som gjerne deler kunnskapen din med andre.

Vi ønskjer at du har:

  • Fagbrev som kulde- og varmepumpeteknikar, automatikar, elektrikar eller tilsvarande industrielle fag.
  • Fagskuleutdanning eller bachelorgrad.
  • Erfaring frå fjernvarme, prosessindustri eller anna relevant praksis.
  • Kjennskap til varmepumper og drift/vedlikehald innan varme- og kuldefag.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg, og basiskunnskapar i engelsk.
  • Førarkort klasse B. 

Prosjektleiarerfaring vil vere ein fordel, men ikkje eit krav.

Hjå oss vil du bli ein del av ei gruppe som

  • Set tryggleik fremst. Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet. Vi er i ein bransje der feilvurdering av mekaniske og elektriske krefter kan få alvorlege konsekvensar.
  • Fremjar trivsel. Trivst medan vi jobbar. Det er alltid rom for ein god vits eller ei morosam historie. Vi meiner sjølv vi har utvikla ein positiv og god arbeidskultur!
  • Jobbar saman: Samla er vi sterke! Vi trur på å jobbe saman og støtte kvarandre. Enten det er å løyse utfordringar eller å feire suksessar, er vi alltid der for kvarandre.
  • Er nyskapande: Vi er opptekne av berekraft og korleis vi kan gjere verda til ein betre stad. Vi likar å diskutere idear og dele kunnskap om korleis vi kan bidra til betre løysingar.

Er du klar for å bli med på laget?
Du passar til jobben om du har du teknisk interesse og praktisk sans, og er på jakt etter dei gode løysingane enten åleine eller med oss andre i vedlikehaldsgruppa.

Ta gjerne kontakt med kraftverkssjef Bjarte Haugen på tlf. nr. 413 24 789 om du har spørsmål.

Før vi ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil vi gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.

For mer informasjon og for å søke på stillingen klikk på "Søk på stilling" knappen på denne siden.

Sektor
Privat
Sted
6857 Sogndal
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Teknisk personell, Håndverker / Elektriker
FINN-kode
370921309
Sist endret
16. sep. 2024 06:25