Inaktiv

Fagarbeidar elektro

Arbeidsgiver
Sognekraft Produksjon AS
Stillingstittel
Fagarbeidar elektro
Frist
30.09.2024

Beskrivelse

Fagarbeidar elektro

Har du elektrokompetanse og ønskjer jobb innan fornybar energi?

Sognekraft Produksjon produserer fornybar energi og driftar 20 kraftverk, fire av dei er heileigde. Sognekraft Produksjon har fleire spanande prosjekt under utvikling, mellom anna bygging av Feios kraftverk, som skal vera klar for oppstart av drift i løpet av hausten 2025.

Vedlikehaldsgruppa held til i Årøy består av 12 gode kollegaer som har ein arbeidskultur der vi legg vekt på godt samarbeid, Med 20 kraftverk fordelt i Sogn og Fjordane må du vere strukturert og ha ordenssans. Geografien kan utfordre oss og det er ein fordel å vere i god form og like fysisk aktivitet. Vi har stor medverknad på eigen arbeidskvardag og blir svært motivert av å løyse oppgåvene våre som sikrar optimal kraftproduksjon på ein god og trygg måte.

Kvifor velje oss?
Hjå oss får du ei variert og utfordrande arbeidskvardag, der du vil vere med på å sikre stabil og trygg energiproduksjon i heile vår portefølje. Du vil ha ansvar for drift og vedlikehald av kraftverk og reguleringsanlegg, frå vatnet i magasina til straumen som kjem ut på nettet. Arbeidet ditt vil inkludere både elektriske, mekaniske og bygningsmessige oppgåver. HMS er alltid vår første prioritet, og du vil vere sentral i å sikre at tryggleiksrutinar blir følgde. I tillegg vil du delta i prosjekt, enten som leiar eller som ein del av teamet, og bidra i vaktordningar ved behov.

Hjå oss vil du bli ein del av ei gruppe som

  • Set tryggleik fremst: Tryggleik for liv og helse har alltid første prioritet. Me er i ein bransje der feilvurdering av mekaniske og elektriske krefter kan få alvorlege konsekvensar.
  • Fremjar trivsel: Trivst medan vi jobbar. Det er alltid rom for ein god vits eller ei morosam historie. Vi meiner sjølv vi har utvikla ein positiv og god arbeidskultur!
  • Jobbar saman: Samla er vi sterke! Vi trur på å jobbe saman og støtte kvarandre. Enten det er å løyse utfordringar eller å feire suksessar, er vi alltid der for kvarandre.
  • Er nyskapande: Vi er opptekne av berekraft og korleis vi kan gjere verda til ein betre stad. Vi likar å diskutere idear og dele kunnskap om korleis vi kan vere meir miljøvennlege.

Er du klar for å bli med på laget? Vi ser for oss at
Du er ein person som er påliteleg,strukturert og har høg gjennomføringsevne. Du blir motivert av å jobbe på tvers av ulike fagfelt, og har interesse for ny teknologi og gode løysingar. Det er viktig at du har ein aktiv haldning til HMS, og er stolt av faget ditt. Utover dette set vi pris på at du er glad i samarbeid, og ønskjer å dele av din kunnskap.

Vi ser også for oss at du har:

  • Fagbrev som energioperatør, energimontør, automatikkar eller elektrikar.
  • Erfaring frå kraftbransjen kan vere ein fordel, men erfaring frå prosessindustri og anna relevant praksis er også interessant.
  • Kunnskap om apparatanlegg, PLS-styring/kontrollanlegg, generatorar, hydraulikk/pneumatikk, damanlegg og turbinar vil vere velkomne.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg. Du må også ha basiskunnskapar i engelsk.
  • Førarkort klasse B.

Ikkje nøl med å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle krava – vi ser etter den rette personen, ikkje berre den rette CV-en!

Ta gjerne kontakt med kraftverkssjef Bjarte Haugen på tlf. nr. 413 24 789 om du har spørsmål om stillinga.

Før vi ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil vi gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.

For mer informasjon og for å søke på stillingen klikk på "Søk på stilling" knappen på denne siden.

Sektor
Privat
Sted
6857 Sogndal
Stillingsfunksjon
Håndverker / Elektriker, Ingeniør, Teknisk personell
FINN-kode
370921548
Sist endret
16. sep. 2024 06:27