Er du leiken og fleksibel og vil bidra til at barn utvikler seg gjennom eit godt leike- og læringsmiljø!
- Arbeidsgiver
- Bjørnafjorden kommune Barnehagane
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar i barnehagane
- Frist
- 30.03.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Bjørnafjorden har 7 kommunale barnehagar. Vi arbeider etter verdiane "tryggleik, anerkjenning og meistring"
Som tilkallingsvikar i barnehage er det ikkje krav til formell utdanning, men tidlegare erfaring og personlege eigenskapar vert verktlagt.
Vi ser etter deg som er ein trygg omsorgsperson for barna. Du må vere leiken, trivast runde andre mennesker, viser omsorg og glede.I
Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga av sjukdom, ferie eller andre mellombels høve som fører til behov for midlertidig arbeidskraft. Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å bli tilbudt arbeid eller plikt til å påta seg tilbudt arbeid.
Arbeidsstad
Barnehagane i Bjørnafjorden kommune
Arbeidsoppgåver
Daglege gjeremål som inngår i barnehagekvardagen.
Eigenskapar
- Omsorgsfull og leiken
- Lyttande, oppmerksam og tilstadeverande - du ser barna sine behov
- Glad i nye utfordringar og set deg raskt inn i nye arbeidsoppgåver
- Ansvarsfull og påliteleg
- Fleksibel og kan stille på kort varsel
Politiattest må leggast fram før tilsetjing
Gode norskkunnskaper, både skriftleg og munnleg.
Vi tilbyr
- Lønns og arbeidsvilkår etter tariff og lokal lønnspolitikk
- Stabilt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer.
Kontaktinformasjon:
Irene Kvåle Foer, Fagsjef kommunale barnehagar tlf. 91757972, e-post: irfo@bjornafjorden.kommune.no
Aktuelle kandidatar vert fortløpande kalla inn til intervju, så vi oppmoder deg om å sende inn søknaden din snarast.
Vi ber deg oppgje om du er interessert i å jobbe ved alle barnehagane i Bjørnafjorden kommune, eller eventuelt på kva side av fjorden du vil jobbe.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os
- Stillingsfunksjon
- Barnehage / Barnehageassistent, Undervisning og pedagogikk, Annet
- FINN-kode
- 370947515
- Sist endret
- 16. sep. 2024 11:18