Inaktiv

Avdelingsleiar/leiande helsesjukepleiar

Arbeidsgiver
Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune
Stillingstittel
Avdelingsleiar/ Leiande helsesjukepleiar
Frist
04.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du vere med å gjere ein forskjell for barn og unge i Ørsta kommune?

Då har vi ei spanande stilling til deg. Ørsta kommune søkjer etter avdelingsleiar for helsestasjonen. Helsestasjonen er lokalisert i nye lokale i nær tilknyting til mellom anna legesenteret og fysio/ergo/friskliv. Avdelinga er organisert under tenesteområde helse, tildeling og koordinering i sektor for helse, omsorg og velferd. I tenesteområdet elles ligg fysio/ergo/friskliv, legeteneste, kommunepsykolog, tildeling, koordinering, NAV og barnevern. 

Som avdelingsleiar vil du inngå i tenesteleiar si leiargruppe.

Helsestasjonen har 11,54 årsverk fordelt på 15 tilsette. Vi har eigen helsestasjonslege i 50 % stilling, jordmorressurs 125 %, merkantil ressurs 100 % og resterande er helsesjukepleiarstillingar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling. Vi har eit nært samarbeid med andre som gir tenester til barn og unge. Kommunepsykolog har kontor på helsestasjonen og jobbar houvdsakleg mot barn og unge

Helsestasjonen har ansvar for svangerskapsomsorg v/jordmor, helsestasjon 0-5 år, skulehelseteneste, HFU, smittevern, gjennomføre nasjonalt vaksinasjonsprogram, helsekontroll av flyktningar.
Ørsta kommune er oppteken av tverrfagleg samhandling kring born og unge, og kommunen jobbar for å verte ein BTI-/BTSkommune gjennom prosjekt som skal sikre forankring og implementering. Helsestasjonen har ei viktig rolle i dette arbeidet.


Arbeidsoppgåver

  • Leiar for helsestasjonen med fag- og personalansvar
  • Medansvar for økonomi
  • Organisere og prioritere arbeidsoppgåvene
  • Utvikle tenesteområdet
  • Vere med på å utvikle det tverrfaglege samarbeidet kring barn og unge
  • Deltaking i arbeidsoppgåver som ligg til helsestasjonen

Kvalifikasjonar

  • Primært søkjer vi etter helsesjukepleiar, men andre med relevant kompetanse kan bli vurderte
  • Leiarutdanning og leiarerfaring er ønskjeleg. Ved manglande formell kompetanse, vert det kravd at slik utdanning skal takast innan 3 år
  • God digital kompetanse, og evne til å setje seg inn i ulike datasystem
  • Meistre norsk godt både munnleg og skriftleg. Nynorsk skriftmål skal nyttast i all tenestekommunikasjon
  • Førarkort klasse B. eventuelt at dette vert teke innan nærare avtalt tid

    Det er krav om politiattest av nyare dato.

Personlege eigenskapar

 
  • Vi ønsker ein tydeleg og ivaretakande avdelingsleiar
  • Du samarbeider godt med andre
  • Du likar å jobbe i team, men kan også jobbe sjølvstendig
  • Du ønsker å utvikle tenesta og medarbeidarane dine
  • Du skaper gode relasjonar
  • Du har god digital kompetanse
  • Du ønsker å bidra i utvikling av tverrfagleg samarbeid for barn og unge

    Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  •  Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige medarbeidarar
  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP

Løn etter avtale 

Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Prøvetid 6 mnd. der fråver går til fråtrekk.

Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.  Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn.  Vi ber om at attestar og vitnemål scannast og lastast opp som vedlegg til søknaden din. 

Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.

Kontaktinformasjon

Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 28A

6153 Ørsta

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ørsta kommune


Referansenr.: 4849465335

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 04.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 28A, 6153 Ørsta
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell, Kontor og administrasjon
FINN-kode
371072089
Sist endret
17. sep. 2024 06:06