Inaktiv

Miljøterapeut ved barneavlastninga

Arbeidsgiver
Bu- og miljøtenesta, Stad kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut ved barneavlastninga
Frist
30.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Søkjer du spennande utfordringar og godt fagmiljø, så kan dette vere stillinga for deg! 

Stad kommune ved Bu- og miljøtenesta avdeling barneavlastning har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut frå snarast mogleg. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Arbeidstid er for tida tredelt og kvar 4 helg. Eininga har både korte og lange vakter på opp til 12,5 timar.
Eininga har årsturnus.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av mestring og livskvalitet.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for det faglege rundt dei brukarane ein er primærkontakt for.Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer
  • Tverrfagleg samarbeid og arbeid i team
  • Rettleie studentar, lærlingar og andre
  • Følgje opp miljøterapeutiske tiltak
  • Utføre brukarretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
  • Oppfølging og dokumentasjon i pasientjournal 
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Treårig helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå 
  • Helsefagarbeidar og barne og ungdomsarbeidar med relevant erfaring kan også søkje.
  • Anna relevant erfaring frå arbeid med barn og unge kan også søkje.
  • I tillegg er det ønskeleg med relevant vidareutdanning knytt til barn og unge og/eller psykisk helse
  • Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Personlege egenskapar vil bli vektlagde
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort  

    Personlege eigenskapar

    • Gode kommunikasjonsevner
    • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
    • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
    • Tek initiativ og ansvar
    • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
    • Personleg eigenskap vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • Høve til eigenutvikling gjennom rettleiing og kurs
    • Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
    • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar

    Vi ber om at vitnemål, attestar og referansar vert lasta opp saman med søknaden.

    Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga

    Stad kommune har 6 månader prøvetid. 

    Vi gjer merksam på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.

    Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med avdelingsleiar Stine Takle Piel tlf.: 41457801

    Kontaktinformasjon

    Stine Takle Piel, Avdelingsleiar barnebustad, 414 57 801, stine.takle.piel@stad.kommune.no

    Arbeidsstad

    Elvebøen

    6770 Nordfjordeid

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stad kommune


    Referansenr.: 4855838775

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 30.09.2024

    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Elvebøen, 6770 Nordfjordeid
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
    FINN-kode
    371074799
    Sist endret
    17. sep. 2024 06:35