Miljøterapeut / miljøarbeider

Arbeidsgiver
DRIV arbeids- og aktivitetssenter
Stillingstittel
Miljøterapeut / miljøarbeider - fast
Frist
30.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Stillinga er knytta til ein deltaker som treng tilrettelagt og tett individuell oppfylgjing. Stillinga ligg til Driv, men med arbeidsstad både på Driv og i heimen. Målet er å reetablere eit opplegg for ein deltaker som over tid har vore uten dagtilbod. Aktivitet vil i stor grad vere knytta opp mot Drivs gruppetilbod, som t.d. vedproduksjon, verkstad og pakk/montering. Arbeidsstad vil vere i bolig på dager deltaker ikkje kan vere ved Driv.

Driv er Midt-Telemark kommune sitt senter for arbeid, aktivitet og kvalifisering. Avdelinga har ca 10 årsverk, med dyktige og engasjerte tilsette som sørger for aktivitet, arbeid og kvalifisering for ei stor, samansett gruppe personer med ulike ynskjer og behov. Fellesnevner er at ein treng ei eller anna form for tilrettelagt aktivitet i kvardagen. Me er forskjellige, og me arbeider saman! 

Mange av Drivs deltakere har kommunalt vedtak om aktivitet, andre er her i samarbeid med t.d. avdelingen Psykisk Helse, NAV, Fylkeskommunen og andre aktørar. Avdelinga fylgjer opp deltakere både internt og dels hos eksterne samarbeidspartnere. Driv er organisert i fleire gruppetilbod - Vedproduksjon, Verkstad, Pakk og Montering, Psykisk Helse Aktivitet, og kafeen Mariposa. Vi har og ulike oppdrag eksternt. 

Stillinga er på dagtid - tre dager i veka. 


Arbeidsoppgåver

  • Oppfylgjing og tilrettelegging i dagaktivitet for ein deltaker med samansette behov, med følge til og frå bolig, oppfølging ved Driv, og i bolig. 
  • Henting i bolig på morgon, og fylgje til bolig etter deltakers arbeidstid / arbeid i bolig.
  • Oppfylgjing i bolig når deltakar ikkje kan vere ved Driv.
  • Pleieoppgåver.
  • Tett samarbeid med dei ulike gruppene ved Driv. Her vil og vere aktuelt å tidvis kunne utføre andre oppgåver i gruppene, m.a. for kortere avveksling og variasjon.
  • Rapportskriving, evaluering, deltakelse i samarbeidsmøter og ansvarsgruppe.
  • Vere ein del av staben ved Driv, delta i m.a. personalmøter.

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning og erfaring, t.d. helsefagarbeider eller relevant høgskole
  • Å vere personleg egna for oppgåva og ein god match med deltaker vil tilleggast stor vekt i denne prosessen.
  • Særs relevant praksis og realkompetanse vil kunne vurderes opp mot utdanningskrav.

Ønska kompetanse

  • Praktisk kompetanse / interesse for å kunne fylgje opp / utvikle tilbodet til deltaker ved Driv
  • Erfaring frå aktivitet og målretta miljøarbeid med personer med utviklingshemming
  • Noko kjennskap til tegn til tale, evt tegnspråk

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Samarbeidsvillig
  • Interesse for og evne til å følge, motivere, veilede deltaker i kvardagen ved Driv, og til å utvikle tilbodet
  • Positiv
  • Faglig
  • Fleksibel og allsidig
  • Kreativ
  • Løsnings- og forbedringsorientert

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Ein heilt spesiell arbeidsplass med gode kolleger og deltakere

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Ken-Børre Langås, Avdelingsleiar, +47 90025526

Arbeidsstad

Gvarvvegen 54

3801 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune


Referansenr.: 4857172393

Stillingsprosent: 60%

Fast

Startdato: 01.10.2024

Søknadsfrist: 30.09.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Gvarvvegen 54, 3801 Bø i Telemark
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Annet
FINN-kode
371075832
Sist endret
17. sep. 2024 06:43