Sykepleiar

Arbeidsgiver
Kirurgisk sengepost A Molde, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sykepleier
Frist
01.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Midt i det vakraste Noreg har å by på av fjordar og fjell, finn du Molde!

Våren 2025 flyttar vi inn i eit nytt, toppmoderne akuttsjukehus på Hjelset. Vil du vere med på denne spennande utviklinga? Då bør du lese vidare!
Vi har no eit ledig 100 % vikariat med snarleg oppstart. Ved interne endringar kan andre stillingar bli ledige, og aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande.

 

Om stillinga
Hos oss legg vi stor vekt på langsiktig turnusplanlegging, og tilpassar turnus til kvar enkelt medarbeidar. Dersom du ønskjer redusert stillingsprosent, er det òg mogleg. Vi håper du har lyst til å bli ein del av vårt dyktige og erfarne sjukepleiarteam, der vi har høg fagleg kompetanse og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.

Som sjukepleiar på sengeposten vil du jobbe i eit team med sjukepleiarar i ulik alder, med ulik bakgrunn og kjønn. Samarbeidet vårt har resultert i eit godt arbeidsmiljø, der vi legg vekt på trivsel og ivaretaking av alle tilsette.
Sengeposten har fleire fagområde, inkludert gastrokirurgi, plastikkirurgi og gynekologi. For å sikre god pasientflyt og kvalitet på behandlinga, er vi avhengige av eit tett samarbeid mellom ulike faggrupper. Du vil òg få grundig opplæring, inkludert superbrukaropplæring i Helseplattformen, som vi har implementert med suksess.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie til pasientar på sengepost
  • Arbeid i tverrfaglege team
  • Moglegheit for to- og tredelt turnus

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Det er ein fordel om du meistrar fleire språk
  • Erfaring og kompetanse vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og løysingsorientert
  • Ansvarsbevisst
  • Kunnskapssøkande

Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
  • Løn etter gjeldande tariffavtalar
  • Medlemskap i offentleg pensjonsordning med gode forsikringsvilkår

 

Er dette noko for deg? Då er du hjarteleg velkomen til å søkje på stillinga!

Kontaktinformasjon

Anders Nordvik Røstad, Seksjonsleiar, +47 97165121, Anders.Nordvik.Rostad@helse-mr.no

Arbeidssted

Parkvegen 84

6412 Molde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4860107361

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 01.10.2024

Sluttdato: 31.10.2025

Søknadsfrist: 01.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Stillingsfunksjon
Sykepleier
FINN-kode
371083625
Sist endret
17. sep. 2024 08:38