Assistent til fast helgestilling

Arbeidsgiver
Kronstad distriktspsykiatriske senter/ Avdeling allmennpsykiatri døgnbehandling,
Stillingstittel
Assistent til fast helgestilling
Frist
01.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kronstad DPS er lokalisert ved bybanestoppet på Danmarksplass. Allmenn døgn er ei open døgneining som tilbyr korte, målretta opphald for menneske med alle typar psykiske lidingar.

Vi har ledig tre faste 17% helgestillingar som assistent med oppstart snarast/etter avtale.

Studerer du sjukepleie, vernepleie, medisin, psykologi eller anna innan helse, er dette ein jobb som gir mykje relevant erfaring. 


Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene er å følge opp pasientar ut frå retningslinjer gitt av behandlande team. Dette kan skje i døgneininga, men kan og dreie seg om å følge pasientar heim eller på tur, delta i ulike aktivitetar o.l
  • I tillegg til direkte pasientarbeid vil det og vere arbeid av meir praktisk art som t.d. tilrettelegging av måltid, rydde og halde reint

Kvalifikasjonar

  • Stillinga passar godt for studentar innan ulike helsefag
  • Det er ønskeleg med førarkort då vi disponerer bil
  • Søkar må meistre norsk, både skriftleg og munnleg 

Vi tenker at du:

  • Er pasientorientert
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • Er ansvarsbevisst
  • Har respekt for kvar enkelt pasient
  • Er samarbeidsvillig og fleksibel

Vi tilbyr deg:

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå
  • Fagleg og personleg utvikling

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Åsne Follnes, Ass. avdelingssjukepleiar, 55956237

Venke Uthaug, Spesialsjukepleiar, 55956202

Thomas Dale, Seksjonsleiar, 55956201

Arbeidsstad

Fjøsangerveien 36

5053 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4861014375

Stillingsprosent: 17%

Fast

Søknadsfrist: 01.10.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Fjøsangerveien 36, 5053 Bergen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
371083714
Sist endret
17. sep. 2024 08:05