Inaktiv

2 stillingar à 100% som vernepleiar med langvakter ved Eidesbrotet bofellesskap

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
13.10.2024

Beskrivelse

Fast stilling for vernepleiar- langvaktordning 



Ullensvang kommune, tenesta for funksjonshemma, lyser no ut 2 x 100% fast stilling som vernepleiar ved Eidesbrotet Bufellesskap. Langvaktordning (13-14 timer) som gir gode friperioder.  Arbeid i turnus med arbeid kvar 4. helg inngår i stillinga

Eidesbrotet bufellesskap er eit døgnbemanna butilbod for vaksne funksjonshemma med ulike bistandsbehov. Vi yter tenester til 17 personar i bufellesskapet og i nærområdet. Vi skal yte tenester med god kvalitet og legge til rette for brukarmedverknad i trygge omgjevnader.

Målsetjinga vår er å leggje til rette for at tenestemottakar skal meistre eigen kvardag og opptre mest mogeleg sjølvstendig ut frå eigne føresetnader. Me ynskjer å vere ein attraktiv arbeidsplass der arbeidsglede, inspirasjon og motivasjon står sterkt.


Hovudarbeidsoppgåver

  • Målretta miljøarbeid

  • Legemiddelhandtering

  • Veiledningsansvar 

  • Varierte faglege og praktiske arbeidsoppgåver. 

  • Yte tenester etter gjeldande vedtak

  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

  • Utarbeide og følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar

  • Dokumentasjon i gjeldande IT verktøy



Me ser etter deg som 

  • har gode samarbeidsevner og er fleksibel og positiv til endringar 

  • handterer uforutsette situasjonar på ein faglig og etisk forsvarleg måte

  • liker å vere i fysisk aktivitet, kunne gå turar og følge brukarane på ulike aktivitetar. 

  • meistrar norsk skriftleg og munnleg

  • er løysingsorientert og fagleg i di tilnærming til brukarane.

Erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa vert tillagt stor vekt. Du må vere personleg skikka til stillinga.



Me tilbyr:

  • Spennende faglige utfordringar og meningsfylte arbeidsoppgåver 

  • Opplæring og rettleiing 

  • Dyktige, inkluderande og løysingsorienterte kollegaer

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Rekrutteringsavtale

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.

 

 Rekrutteringsavtale for nytilsette vernepleiar: kr. 30000 etter 1 år, kr. 30000 etter 2 år

Vi kan  tilby en tilrettelegging av overnatting mellom vakter for de som eventuelt kommer utenfra. 

 

Det vert gjort krav om politiattest før tilsetting. 

 

Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her
Antall stillinger
2
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
371110058
Sist endret
17. sep. 2024 12:13