Inaktiv

Miljørettleiar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Avdeling skule
Stillingstittel
Miljørettleiar
Frist
26.09.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 26.09.24 vil det verte ledig 100% stilling som miljørettleiar ved Bratteberg skule.

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med lærarane og skuleleiinga støtte elevane i deira læringsarbeid. Det vil og vere målretta miljøarbeid knytt mot enkeltelevar/elevgrupper. I tråd med stillingsomtalen som gjeld miljørettleiarane i Voldaskulen er det slik vi ønskjer å beskrive arbeidsoppgåvene til miljørettleiarane:


* i samarbeid med rektor/kontaktlærar/lærar ha medansvar for eleven/elevgruppa sitt tilbod. I dette ligg det så langt som råd tid til planlegging av tiltak og aktivitetar for eleven/elevgruppa i tråd med læreplan og individuelle planar

* utføre aktivitetar saman med elev(ar) etter nærare oppsett plan og behov

* delta i omsorgsarbeid kring eleven

*  delta i rettleiing og samhandling med dei som har det samla ansvaret for eleven/gruppa si opplæring

* planlegge eige arbeid i samråd med kontaktlærar/spesialpedagog med utgangspunkt i individuell opplæringsplan

* bidra til godt samspel mellom elevar og vaksne

* det kan verte lagt arbeid knytt til SFO inn i stillinga til miljørettleiaren


I vår kommune har vi for tida særskild fokus retta mot elevar som har eit fråvær som uroar. I slike saker vil miljørettleiaren i samarbeid med lærarar og skuleleiing spele ei aktiv og viktig rolle.

Kvalifikasjonar

Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til stillinga. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, jf punkta nedanfor.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
- har evne til å bygge gode relasjonar

- har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge

- er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg

- har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette

- har gode evner til å arbeide i og utvikle gode system

- er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet

- er sjølvstendig i arbeidet

Vi tilbyr

Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.

God offentleg pensjonsordning i KLP.

Kontaktinformasjon

Anita Mari Brekke, rektor Bratteberg skule, 47865060, anita.brekke@voldaskulen.no

Arbeidsstad

Stormyra 2

6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune


Referansenr.: 4859053009

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.09.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Stormyra 2, 6100 Volda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
371136818
Sist endret
17. sep. 2024 12:59