Miljørettleiar, 100% vikariat
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- Brekke barnehage og skule. Tilsetjing 100% vikariat som miljørettleiar frå 01.11.24
- Frist
- 06.10.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Har du lyst til å bidra til eit godt læringsmiljø og eit trygt sosialt miljø på skulen og SFOen vår? Gulen kommune, for tida ved Brekke barnehage og skule, har ledig 100% vikariatstilling som miljørettleiar frå 01.11.2024 - 31.07.2025. Miljørettleiaren vil vere ein viktig ressurs i oppfølginga av einskildelevar og grupper, og aktivitetar kring elevane. Du vil få arbeidsoppgåver knytt til trivselsleiarprogrammet, "Livet og sånn", gruppesamtalar, elevsamtalar og arbeid i klassane. I tillegg vil du få ei rolle i kommunen si satsing på MOT-programmet for ungdomsskulen. Stillinga vil i hovudsak vere knytt til arbeid ved skule og SFO, men arbeid i barnehage kan verte aktuelt ved behov.
Brekke barnehage og skule består av 1- 10- skule og to barnehageavdelingar. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb.
Arbeidsoppgåver knytt til stillinga
- Styrking i ulike klassar
- Oppfølging av enkeltelevar og elevgrupper
- Kartlegging, observasjon og analyse av elevåtferd
- Ta initiativ til, samt legge til rette for, aktivitetar
- Ansvar for trivselsleiarprogrammet "Livet og sånn"
- Ansvar for MOT-programmet
- Planlegge, gjennomføre, følgje opp og dokumentere tiltak for å sikre eit godt skulemiljø
- Arbeid på SFO morgon og ettermiddag
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonar
- 3- årig høgskuleutdanning innan relevante fagretningar. Andre kan også søkje og verte vurdert.
- Kompetanse/erfaring frå arbeid med barn
- Erfaring med arbeid i skule er ynskjeleg
- Gyldig politiattest
- Gode norskspråklege ferdigheiter, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med elevane, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
- Har godt humør og kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø og læringsmiljø for både elevar og kollegaer
- Har god endringskompetanse, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Me tilbyr
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter tariff
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Annet
- FINN-kode
- 371252843
- Sist endret
- 30. sep. 2024 10:50