Faste stillingar som helsefagarbeidar ved somatiske einingar
- Arbeidsgiver
- Helse Bergen
- Stillingstittel
- Faste stillingar for helsefagarbeidar
- Frist
- 02.10.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Det er ledig stilling ved desse avdelingane:
- ReHabiliteringsklinikken, Avdeling for fysikalsk medisin og rehabilitering (AFMR) post 1
- Barne- og Ungdomsklinikken, Barnekirurgen
For denne stillinga er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga.
Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) post 1, er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås. Avdelinga gir tilbod til pasientar som treng utgreiing, vurdering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk.
Den ledige stillinga er knytt til Sengepost for hjerneslag og traumatisk hjerneskade. Pasientane her vert overført tidleg, som ein del av akuttforløpet. Som helsefagarbeidar får du arbeide både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper. Dette er ein kombinasjonsstilling der 75 % er i AFMR og 25 % i Bemanningssenteret. Oppstart 4. november 2024 eller etter avtale.
Kontakt: Lisbeth Sparre, Seksjonsleiar, Tlf: 55918410.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Barnekirurgen er ein sengepost i Barne- og Ungdomsklinikken som har pasientar frå dei fleste fagfelt innan kirurgi. Vi ivaretar gastrokirugiske, urologiske, ortopediske, ØNH, kjevekirurgiske, plastikk-kirurgiske, Auge- og sarkom-pasientar, så du må like variasjon og være fagleg interessert. Vi har 15 senger på posten der vi ivaretar alt frå planlagde rutineoperasjoner, til akutte skader. Hos oss skal du ta imot, klargjøre pasienter til operasjon, overvake, observere og gje pleie til barn og ungdom i alderen 0-18 år. Du vil inngå i eit tverrfagleg team som samarbeider om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald hos oss.
I denne stillinga vil du primært arbeide med pre-pol og polikliniske oppgåver, men det vil også være oppgaver på sengepost.. Det er ønskeleg med erfaring som helsefagarbeidar frå klinisk arbeid innan våre fagområde. Erfaring med barn er ønskelig, men ikke nødvendig. Stillinga er 100 % med todelt arbeidsturnus dag, kveld og kvar tredje helg. Kontakt: Anette Tysnes Aarvik, Seksjonsleiar, Tlf: 97717722.
Vi søker deg som:
- Har norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Meistrer norsk skriftleg og munnleg
- Har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gje pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson oppgitt for , den enkelte stillingaArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4862388791
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.10.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 5021 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 371368927
- Sist endret
- 24. sep. 2024 08:31