Tømrar

Arbeidsgiver
PG-Bygg AS
Stillingstittel
Tømrar
Frist
06.10.2024

Beskrivelse

TØMRAR

PG-Bygg AS er eit ungt byggefirma på Sandane i Gloppen kommune, som tek på seg små og større oppdrag innanfor nybygg og rehabilitering. Vi har hatt ei positiv utvikling sidan oppstart og derfor ynskjer vi å forsterke teamet vårt med ein engasjert tømrar.

Er du ein påliteleg person, som ser moglegheiter framfor problem, har du sans for detaljar og solid handverk, og fungerer du like bra sjølvstendig som i samarbeid med andre? Då kan du vere personen som vi ynskjer å ha med på laget! Fagbrev som tømrar er ynskjeleg, men relevant erfaring innan byggebransjen kan kompensere for manglande utdanning.

Vi tilbyr deg konkurransedyktige vilkår i tillegg til eit godt og positivt arbeidsmiljø. Fleksible arbeidstider er sjølvsagt for oss!

Søknadsfrist: 6. oktober 2024

Er du interessert? Ta gjerne kontakt med Geirmund Kvamme på 957 88 945 eller geirmund@pgbygg.no

Søknad sendes via "søk på stilling" knappen på denne siden.

Sektor
Privat
Sted
6823 Sandane
Stillingsfunksjon
Håndverker / Snekker/Tømrer, Håndverker
FINN-kode
371369946
Sist endret
19. sep. 2024 07:57