Inaktiv

Barnehagelærar/Pedagogisk leiar vikariat og mogleg faste

Arbeidsgiver
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
02.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

BARNEHAGELÆRAR/PEDAGOGISK LEIAR

Tokke kommune må opne ei ny avdeling i Høydalsmo barnehage og treng difor fleire tilsette.

Me har difor ledige stillingar, vikariat og mogleg faste, som

barnehagelærar/pedagogisk leiar frå snarast eller 14.10 - 24.

Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje.

Tokke kommune har sett fokus på fagleg utvikling, med ulike pedagogiske

innfallsvinklar.

Kollektiv kompetanseutvikling står sentralt -- betre tverrfagleg innsats (BTI).

Barnehagane i Tokke er opptekne av å vera ein inkluderande barnehage for alle, og ha

eit godt miljø med mange aktivitetar for borna.

Frå hausten 2023 vart barnehagane i Tokke <>.

Mål: Fremje helse, trivsel og inkludering som grunnlag for læring og livsmestring. Dette

gjennom fysisk aktivitet / bevegelseglede og kosthald /matglede

Høydalsmo barnehage

Høydalsmo barnehage har eksistert i mange år, men nytt barnehagebygg sto ferdig i

august 2022. Barnehagen ligg i eit flott naturområde og nærområde blir flittig brukt heile

året. Barnehagen ligg tett opp til Høydalsmo skule, samfunnshus og basseng.

I Høydalsmo barnehage er leik, leikemiljø, venskap og gode relasjonar viktig. Alle barna

skal kjenner at dei høyrer til i eit trygt og godt fellesskap.

Ynskjer ein meir informasjon kan ein ta kontakt med styrar, Dagny Skjelbreid, e-post:

dagny.skjelbreid @tokke.kommune.no mob.: 476 62 420

Me kan tilby:

•Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat

•Eit godt arbeidsmiljø

•Ein spanande og variert kvardag saman med flotte born og dyktige medarbeidarar

•Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Personlege eigeskapar:

• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

• Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg

• Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer

• Være ansvarsbevisst og sjølvstendig

Kvalifikasjonar:

•Godkjent utdanning

Andre med relevant utdanning/høgskuleutdanning kan òg søkje.

•Krav om norsk kunnskapar, etter barnehagelova §28

Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar. Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.

I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no

Søknadsfrist: 02. oktober 2024

Velkomen som søkjar!

Sektor
Offentlig
Sted
Storvegen 60, 3880 Dalen
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
371393447
Sist endret
19. sep. 2024 12:53