Inaktiv

Barne- og ungdomsarbeidar, 40% fast (barnehage)

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Brekke barnehage og skule. Tilsetjing 40% fast barne- og ungdomsarbeidar (barnehage) frå 01.11.24
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga 

Brekke barnehage og skule, avd. barnehage har ledig 40% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande frå 01.11.2024. Me søkjer etter ein trygg og kreativ person som ynskjer å vere med å skape gode og fine dagar for barna i barnehagen vår, og vere med å skape eit godt arbeidsmiljø.

Brekke barnehage og skule består av 1- 10- skule og to barnehageavdelingar. Barnehagen held til i nybygde lokale. Sjå www.brekke.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osb. 


Barnehagane i Gulen har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø  
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver 
  • Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn

Kvalifikasjonar 
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels tilsetjing
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg
  • Gyldig politiattest 

Personlege eigenskapar 
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering 
  • Løn etter tariff 

Sektor
Offentlig
Sted
Yndesdalsvegen 2719, 5961 Brekke
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
371414128
Sist endret
30. sep. 2024 10:50