Overstyrmann i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen
- Arbeidsgiver
- Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Stillingstittel
- Overstyrmann i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen
- Frist
- 07.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i sambandet Oldeide-Måløy, p.t. MF Hornelen.
Stillinga følger døgnskift med turnus 2 veker på - 1 veke av, og 2 veker på - 3 veker av.
Arbeidstid når du er på vakt vil vere man/tirs, ons/tors, fre/man, tirs/ons og tors/fre. Ei attraktiv og familievenneleg skiftordning der du arbeider 1/4 av årets helger.
Som følge av døgnskift bør søkjar bu innanfor 1 times reiseveg frå sambandet.
Ein flott jobb å kombinere med famileliv og fritid!
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- ECDIS kurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Skiftordning: Døgnskift, 2 veker på og 1 veke av, 2 veker på og 3 veker av
Kontaktinformasjon
Emilie Grube Gjelseth, Bemanningskoordinator, +47 922 05 373, emilie.gjelseth@fjord1.noArbeidsstad
Bremanger Municipality
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 4862696427
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.01.2025
- Sektor
- Privat
- Sted
- 6700 Måløy
- Stillingsfunksjon
- Annet, Sjøfart / Dekksoffiser
- FINN-kode
- 371445831
- Sist endret
- 23. des. 2024 10:02