Inaktiv

Seksjonsleder økonomi, miljø- og arbeidsmarknadskriminalitet (SØMA)

Arbeidsgiver
FEE, Vest politidistrikt
Stillingstittel
Seksjonsleder SØMA
Frist
03.10.2024

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, for tida ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforskning av øko, miljø og arbeidsmarknadskriminalitet, vil det bli ledig ei midlertidig stilling som politiinspektør (stillingskode 0290) med funksjon som seksjonsleiar. Stillinga er stadsplassert i Bergen.

SØMA (seksjon for etterforsking av økonomi, miljø- og arbeidsmarknadskriminalitet) inneheld tre avsnitt:

  • Avsnitt for etterforsking av miljøkriminalitet. 
    Avsnittet etterforskar og førebygger alle typer saker innan indre og ytre miljø samt store ulykker. Avsnittet har også ansvar for kriminalitet innan dyrevelferd.
  • Avsnitt for etterforsking av økonomisk kriminalitet
    Avsnittet etterforskar profittmotivert kriminalitet som undergrev viktige strukturar i samfunnet
  • Avsnitt for arbeidsmarknadskriminalitet
    Avsnittet etterforskar arbeidslivskriminalitet gjennom ei felles tverretatleg innsats frå politiet, Skatteetaten, Arbeidstilsynet, NAV og andre offentlege etatar (A-krim senteret)

Arbeidsoppgaver

  • Overordna fagansvar for gjennomføring av etterforsking av økonomi, miljø og arbeidsmarkedskriminalitet
  • Personal-, resultat-, budsjett- og HMS-ansvar for eininga
  • Leggje til rette for effektiv ressursutnytting, samarbeid og måloppnåing ved eininga spesielt og i organisasjonen generelt
  • Prioritere oppgåver i samsvar med overordna føringar og verksemdsplanar
  • Følge opp strategiske beslutningar og iverksette/beslutte endringer innan eiga eining
  • Utvikla ein kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
  •  Leggja til rette for kontinuerleg utvikling av arbeidsprosessar på seksjonen i tråd med utviklinga i samfunnet og  innan fagfelta
  • Sørgja for god fagleg dialog med andre avdelingar i driftseininga, politidistriktet og andre samarbeidande fagetatar for øvreg
  • Sørgja for effektiv bruk av tilgjengeleg teknologi som kan letta det dagelege arbeidet og understøtta gode prosessar
  • Sørgja for effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggjarar og verksemder i eininga
  • Aktiv deltaking i FEE si leiargruppe

Kvalifikasjoner

Nødvendig:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen, juridisk embetseksamen/Master i rettsvitskap eller annan relevant utdanning på same nivå eller høgare
  • Utdanning innan organisasjon og leiing fortrinnsvis på høgskole/universitetsnivå, relevant leiarerfaring på minimum 3 år blir vektlagt og kan i særkilde høve kompensere for kravet til leiarutdanning
  • Kunnskap og erfaring med HMS
  • God resultatoppnåing i tidlegare stillingar
  • God innsikt og forståing av politiet som organisasjon og bredden i politiet sitt samfunnsoppdrag og oppgåver
  • Brei politifagleg erfaring og/eller brei erfaring innan etterforskning
  • Må kunne sikkerhetsklarerast for HEMMELEG
  • God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
  • Du må ha plettfri vandel og være skikket for tjeneste i politiet og politiattest (uttømmende og utvidet) må innhentes ved ev. ansettelse jfr. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41.

Ønskeleg:

  • Kunnskap om personal- og økonomistyring
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og statleg avtaleverk
  • Erfaring med bruk av digitale styringsverktøy

Personlige egenskaper

  • Evne til å handle i eit strategisk og helhetlig perspektiv
  • Gode leiaregenskaper, med evne til å vise god personalomsorg og motivere sine medarbeidarar 
  • Evne til å  kommunisere godt og skape gode relasjonar/samhandle både internt og eksternt
  • Ha evne til å motivere medarbeidarar
  • Resultat- og løysingsorientert med god gjennomføringsevne
  • Setje retning, drive endring og bidra til god verksemdsutvikling
  • Samfunnsorientert og med forståing for eininga si rolle i politiets samfunnsoppdrag
  • Som medarbeidar i politiet er du modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Som leiar må du i tillegg kunne leie i samsvar med vår medarbeiderplattform.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme politiet for framtida.
  • Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
  • Stillinga blir lønn som politiinspektør med funksjon som seksjonsleiar (stillingskode 0290),  frå ltr 85/kr 996.000,- til ltr 89/ kr 1.102.200,- brutto per år. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)  

Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.

For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.

Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Ref.nr.

Kontaktinformasjon

Helge Stave, Driftseiningsleiar, +47 48886342

For spørsmål om elektronisk søknad/CV, Kontakt Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no

Arbeidssted

Allehelgens gate 6

5016 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vest politidistrikt


Referansenr.: 4855535295

Stillingsprosent: 100%

Midlertidig

Søknadsfrist: 03.10.2024

Sted
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Stillingsfunksjon
Ledelse, Rådgivning, Annet
FINN-kode
371446901
Sist endret
25. sep. 2024 12:12