Laboratoriepersonell ved laboratoriet på Voss sjukehus 

Arbeidsgiver
Laboratorieklinikken/ Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Vos
Stillingstittel
Helsesekretær
Frist
13.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du arbeide på eit mindre laboratorium med spennande arbeidsoppgåvar og hyggelege kollegaer?

Vi søker etter autorisert helsesekretær, alternativt anna helsefagleg personell til fast stilling hos oss på laboratoriet på Voss sjukehus. Stillinga har variert innhald innan helsesekretærfunksjonar og passer for deg som er dyktig i blodprøvetaking og som trivst med pasientkontakt. Det vil vere aktuelt med prøvetaking av både barn og vaksne. Tapping av blodgivarar kan og vere aktuelt. Stillinga er ei dagstilling, men det vil kunne vere aktuelt med dagvakt på helg. Stillinga er ledig frå 01.04.2025.

Laboratoriet på Voss sjukehus held til i lyse, trivelege lokale og utfører analysar innan medisinsk biokjemi, transfusjonsmedisin og blodbank. Laboratoriet er døgnbemanna. Det er totalt 15,2 årsverk tilknytta seksjonen. Laboratoriet er organisert som seksjon under Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) i Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus og har eit tett og godt samarbeid med einingane i Bergen. Laboratoriet er akkreditert etter ISO standard 15189.

Voss sjukehus er ein del av Helse Bergen HF. For meir informasjon om sjukehuset, les her

Velkommen til Voss! 
Voss er ein kommune i Vestland fylke. Voss herad har om lag 16000 innbyggjarar og er omkransa av flott natur med moglegheit for mange ulike aktivitetar, mellom anna turar i fjellet, rafting, paragliding, alpint og rideturar. Kulturlivet er rikt og variert med mange festivalar, som Vossajazz, Osafestivalen, Voss Cup og Ekstremsportveko. 
Kommunen er i vekst og står framfor ei utvikling i åra som kjem. Vossevangen er eit trafikknutepunkt for veg og jernbane. Voss ligg sentralt i forhold til Bergen og fleire destinasjonar på Vestlandet. Per i dag er reisetid til Bergen med tog om lag 1 t 15 min, med bil om lag 1 t 35 min. 


Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Mottak, registrering, prøvefordeling av innkomne prøvar
  • Sending av prøvar til andre laboratorium
  • Arkivering og postfordeling
  • Svare på telefonhenvendingar 
  • Tapping av blodgivarar
  • Noko enkelt analytisk arbeid kan vere aktuelt
  • Andre oppgåver kan vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • Du har norsk autorisasjon som helsesekretær, alternativt anna helsefagleg personell med erfaring frå blodprøvetaking/laboratoriearbeid kan vurderast
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande fagfelt
  • Personlege eigenskapar blir lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Gode kommunikasjonseevner og serviceinnstilt
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
  • Du er målretta, og får oppgåvene gjort
  • Det er ein fordel med erfaring frå tilsvarende arbedsoppgåver

Vi tilbyr deg

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Spennande jobb saman med gode kollegaer

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.

Kontaktinformasjon

Camilla Ormberg Nyegaard, Konstituert seksjonsleiar, 97050457, camilla.ormberg.nyegaard@helse-bergen.no

Ingunn Børø, Sjefbioingeniør, 55977882, ingunn.boro@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 16

5704 Voss

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4860671870

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 13.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Sjukehusvegen 16, 5704 Voss
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
FINN-kode
371495842
Sist endret
20. sep. 2024 08:03