Undervisningsstilling i engelsk, 100% vikariat

Arbeidsgiver
MAL - MÅLØY VGS, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling i engelsk, 100% vikariat
Frist
14.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Måløy vidaregåande skule er leverandør av opplæring innan mange fagfelt, og har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og oppvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.

Arbeidsoppgåver

Undervisning og oppfølging av elevar i engelsk, både ved studiespesialiserande og yrkesfaglege programområder. Det kan vere aktuelt å kombinere undervisning med   kontaktlærarfunksjon, og eventuelt andre moglege fagkombinasjonar. 
Vi søkjer etter ein lærar med god fagleg og pedagogisk kompetanse som set eleven i sentrum og har evne og lyst til å skape gode læringsarenaer for ungdommane våre.

Kvalifikasjonar

Høgskule eller universitetsutdanning i aktuelle fag.
PPU eller anna godkjend undervisningskompetanse.
Gode didaktiske og pedagogiske ferdigheter.

Personlege eigenskapar

Vi ynskjer oss ein lærar som saman med resten av dei tilsette ved skulen kan vere med å skape eit profesjonsfellesskap som er prega av stoltheit, openheit og tryggleik.

Er gode på relasjonsbygging og har gode evner til å kommunisere.
Har eit sterkt elevengasjement og er opptatt av eleven sitt beste.
Kan planlegge, gjennomføre og evaluere undervisninga, både sjølvstendig og saman med andre.
Er kreativ, inkluderande og løysingsorientert .
Kan bidra aktivt inn i eit kollegiefelleskap som ønskjer å utvikle skulen og kvaliteten på opplæringa. 

Vi tilbyr

Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver. Måløy vidaregåande skule har nyleg rehabilitert klasserom og verkstader. Skulen har eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap.
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings - og pensjonsordningar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.no Det blir teke atterhald om tilsetjing då overtalige ved andre skular kan ha førsterett til stillinga. Ta med  attestar og vitnemål til eit eventuelt intervju. Gje opp minst to referansar.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.

Kontaktinformasjon

Kari Silden Sølvberg, avdelingsleiar, 91753918, kari.silden.solvberg@vlfk.no

Arbeidsstad



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune


Referansenr.: 4862899894

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.02.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 14.10.2024

Sektor
Offentlig
Sted
6718 Deknepollen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
371517079
Sist endret
23. sep. 2024 05:49