LIS3 - Ortopedisk avdeling

Arbeidsgiver
Ortopedisk avdeling, Helse Førde
Stillingstittel
LIS3
Frist
06.10.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ortopedisk avdeling, Førde sentralsjukehus har ledig 2 x 100% årsvikariat som LIS3. Oppstart snarast/evt. februar-mars 2025 for dei som må gjere seg ferdig med LIS1 distriktsteneste. 

Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde, Sunnfjord kommune. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter, forskjellige idrettar eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjengeleg like i nærleiken. Les meir om kommunen og kva vi kan tilby deg i regionen vår: Sunnfjord kommune.

Det er god breidde i det ortopediske tilbodet i Helse Førde, med fast tilsette overlegar innan alle fagfelta. Avdelinga har aktivitet ved sjukehusa i Førde, Lærdal og Eid. 
Fast arbeidsstad for LIS3 er Førde sentralsjukehus.

Ved Lærdal sjukehus føregår det i all hovudsak elektiv ortopedi. På Nordfjord sjukehus har vi dagkirurgi og skadepoliklinikk.
Førde sentralsjukehus har tilbod innan følgjande område:

  • Traumatologi
  • Handkirurgi
  • Skulderkirurgi
  • Protesekirurgi – hofte, kne, skulder
  • Fot-/ankelkirurgi
  • Ryggkirurgi

Avdelinga i Førde har sju LIS3 stillingar og seks LIS1 stillingar. Vi har døgnavdeling med 31 senger i Førde og 18 senger i Lærdal. 

Les meir om Helse Førde HF.


Arbeidsoppgåver

  • Sengepostarbeid, poliklinikk og operativ aktivitet
  • Internundervisning, rettleiing av turnuslege i vakt m.m.
  • Rettleiing av, og kommunikasjon med, 1. linjetenesta
  • Rettleiing av turnuslegar
  • Vaktarbeid 7-delt turnus

Kvalifikasjonar

  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Må vere ferdig med turnusteneste og ha interesse for fagfeltet
  • Erfaring innan fagfeltet vert vektlagt
  • Erfaring som LIS vert vektlagt
  • Utdanningsretning: Medisin
  • Utdanningnivå: Profesjonsstudium  

Personlege eigenskapar

  • Gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • Bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Pasienten i fokus
  • Fagleg engasjert
  • Strukturert i forhold til eigne arbeidsoppgåver

Vi tilbyr

  • Løn etter overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.         
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no . Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet ). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknad.

Kontaktinformasjon

Kari Anne Indrebø, Avdelingssjef, +47 91867566

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4857147563

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 06.10.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
371523883
Sist endret
23. sep. 2024 06:03