Undervisningsstilling på yrkessjåførlinja ved Sauda VGS

Arbeidsgiver
Sauda vgs, Rogaland fylkeskommune
Stillingstittel
Undervisningsstilling på yrkessjåførlinja ved Sauda VGS
Frist
07.10.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Sauda vidaregåande skule har om lag 100 tilsette for å gi nærare 450 elevar og vaksne deltakarar eit breitt tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. Skulen har tre avdelingar, to i Sauda og ein i Suldal.

Skulen har status som regionalt kompetansesenter for indre Ryfylke og er samstundes eit av seks opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne i Rogaland.

Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur pregar av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen. Skulen søker heile tida nye og framtidsretta løysingar og tilbod.

Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.

Arbeidsoppgåver

Skulen har ledig inntil 300% undervisningsstilling  (3 stillingar) på vg3 yrkessjåfør. 

Me tilbyr ein spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer. Me tilbyr gode moglegheiter for fagleg utvikling og vidare- og etterutdanning.

 

Stillinga inneber:

  • undervisning og veiledning innan aktuelle fag
  • deltaking i teamarbeid innan aktuelle fagseksjonar
  • deltaking i pedagogisk og fagleg utviklingsarbeid

Kvalifikasjonskrav

  • godkjenning som trafikklærar tunge kjøretøy.
  • 2 års relevant utdanning etter videregåande skule-nivå
  • 4 år med yrkespraksis etter fullført videregåande opplæring
  • relevant arbeidserfaring
  • Førerkort klasse A, B, C, CE, D og DE.
  • Praktisk pedagogisk utdanning eller tilsvarande frå trafikklærerutdanninga ved Nord universitet/HiNt
  • godkjent politiattest for stillingar i skulen

 

Dersom du finn denne stilinga interessant, men manglar deler av den formelle kompetansen, oppfordrar vi deg likevel til å søkje. Aktuelle søkarar vil bli innkalt til intervju.

Personlig dugleik

Me søkjer personar som:

  • er gode på klasseleiing og kommunikasjon med elevar 
  • er ein god relasjonsbyggar til elevar, kollegaer og føresette. 
  • har evne til å sjå elevane sitt potensiale og utviklingsmogelegheiter. 
  • har eit fagleg engasjement og som brukar digitale verktøy i undervisninga 
  • har eit ønske om å bidra positivt inn i eit allereie godt arbeidsmiljø

Som tilsett hos oss får du:

  • utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap  
  • høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø  
  • ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet 
  • gode faglege utviklingsmoglegheiter  
  • gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • gode velferdsordningar og livsfasetiltak  lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk 
  • Friperiodar som følgjer skuleåret

 

Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli
offentliggjort selv om søkeren har bedt om ikke å bli ført opp på søkerlisten. Dersom ønsket reservasjon ikke blir tatt hensyn til, vil søkeren bli varslet om dette før offentlig søkerliste blir laget.

Kontaktinformasjon

Nikolas Njerve, avdelingsleiar, 97126753, nikolas.njerve@skole.rogfk.no

Arbeidssted



 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Rogaland fylkeskommune


Referansenr.: 4856751536

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 07.10.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
4200 Sauda
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
371533993
Sist endret
23. sep. 2024 06:12