ID 952 Fastlege 2 x 100 % fast. Lege spesialist i allmennmedisin og Lege i spesialisering (ALIS)
- Arbeidsgiver
- Fitjar Kommune Legetenesta
- Stillingstittel
- Fastlege
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Fitjar legekontor skal utvide kapasiteten og søkjer 2 fastlegar.
Fitjar er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke ca 1,5 time sør frå Bergen sentrum, og er ein øykommune som ligg vakkert til nord på øya Stord. Her vil du framleis finne eit urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og om lag 380 øyar, holmar og skjær. Øya har også flotte fjellandskap med mange merka turstiar.
Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheitar. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar, gode buforhald, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling.
Fitjar kommuneer godkjend utdanningsverksemd for legar, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling.
Legesenteret er kommunalt drevet med 3 tilsette sjukepleiarar og 1 legesekretær, samt 6 legar og 1 LIS1. Som fastlege i Fitjar kommune deltek du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 2-4 vakter i månaden.
Fitjar kommune søkjer etter
-
1 lege spesialist i allmennmedisin med liste på 700 pasientar
-
1 lege i spesialisering (ALIS) med liste på 600 pasientar
Kvalifikasjonar
-
Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
-
Spesialist i allmennmedisin eller er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
-
Krav om fullført LIS1
-
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Nokre av arbeidsoppgåvene som skal utførast
-
Allmennfaglege oppgåver og oppfølging av fastlegeliste, med krav om å følge fastlegeforskrift og helsepersonellova
-
Kommunal bistilling andre allmennfaglege oppgåver, opptil 20% (sjukeheim og helsestasjon)
-
Legevakt i veldriven interkommunal legevakt, omlag 2-4 legevakter per månad
-
Legar under spesialisering fylg ALIS forlaup
Personlege eigenskapar
-
Har gode kommunikasjonsevner og samarbeidsevner
-
Har evner til å arbeide strukturert og sjølvstendig
-
Er positiv, fleksibel, påliteleg, og bidreg til eit godt arbeidsmiljø og god organisasjonskultur
-
Personlege eigenskapar vert særskilt vektlagt
Me tilbyr
-
Fastlønn eller næringsdrift med 8.2 -avtale etter eige ynskje
-
ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
-
Som fastlønna lege får du fri med lønn til naudsynte kurs
-
Som fastlønna lege får ein intensiv i form av 20% av HELFO refusjonar, samt konkurransedyktig løn
-
Næringsdrivande legar får dekka 60% av allmennlegeforeininga sitt praksiskompensasjon beløp for eigen sjukdom og sjukt born under 12 år inntil 10 dagar per år
-
Spanande arbeidskvardag med allsidig erfaringsbygging og kompetanse innan feltet allmennmedisin
-
Deltaking i jamleg internundervisning
Andre opplysingar
-
Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato
-
Ein må oppgje HPR-nr. i søknad
-
Det er ynskjeleg med førarkort klasse B, og disponering av eigen bil
Synes du stillingane ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk her med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med einingsleiar /Helserådgivar Diana Bergeland tlf. 95243278
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- 5419 Fitjar
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
- FINN-kode
- 371953356
- Sist endret
- 23. sep. 2024 10:07